Hopp til innhold

- Etterspurd og etterlengta

For fyrste gong på over 100 år kjem det no ut ei norsk lærebok i kyrkjeorgel.

Orgel

- Vi har ein lang og stolt orgeltradisjon i Europa, og denne må oppretthaldes, seier Dahlen.

Foto: Colourbox.no

Kantor Amund Dahlen har laga Noregs fyrste lærebok i kyrkjeorgel på over 100 år. Han håper historia om Ferdinand som ufrivillig hamner på orgelkrakken vil bli ei redningsbøye for eit yrke i krise.

Amund Dahlen

Amund Dahlen

Foto: NRK1 / NRK

- Vi har ein lang og stolt orgeltradisjon i Europa, og denne må oppretthaldes, seier Dahlen.

Saman med forfattar Bjørn Sortland og illustratør Per Dybvig har han skapt ”Ferdinands Orgelbok”. Det er den fyrste norske læreboka i kyrkjeorgel som har kome ut sidan Peter Brynje Lindemann gav ut to bind i 1880. Boka kombinerer teori og lærestykke med historia om ein gut som noko motvillig tek inn orgelkrakken.

- Vi lever i ei visuell tid og det har skjedd enormt mykje i barnelitteraturen. Då er det på tide at det og skjer noko i spillelitteraturen, seier Dahlen.

Meir nyskapande musikkpedagogikk

Elisabeth Vannebo og Ruth Nonseid har laga Primera songbok. Den består av eit teksthefte og cd som skal inspirere til meir song i skulen. Dei to forfattarane meiner det er behov for meir nyskapande musikkpedagogikk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tubaist Elisabeth Vannebo og sanger Ruth Nonseid

Tubaist Elisabeth Vannebo og sanger Ruth Nonseid har laga ei ny songbok.

Foto: musikkensvenner.no

- Mange av songane vi har med i boka kunne vi ikkje finne i andre norske songbøker, seier Vannebo og Nonseid. Som i "Ferdinands orgelbok" har det visuelle og pedagogiske vore viktig, så ein gut og ei jente som flagrar gjennom tekstene er gjennomgangsfigurar.

- Det er spanande å få nye ting på marknaden, og marknaden treng og nye spanande ting, seier forfattarane av songboka.

- Viktig med gode lærebøker

- I tillegg til den gode læraren som kan utfordre elevane, trengs det òg gode lærebøker, seier Vidar Hjemås, rektor for kulturskulen i Trondheim. Han set pris på kreative spelebokbidrag, men fortel at det varierar veldig kor flinke skulane er til å ta i bruk nytt materiale.

Vidar Hjemås

Vidar Hjemås

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Men den nye læreboka i kyrkjeorgel veit han vil bli teken i bruk. Kulturskulen i Trondheim har 4300 elevar, men berre 5 speler kyrkjeorgel. Hjemås trur den nye boka kan bidra til å løyse organistmangelen i kyrkjene.

- Ei slik bok har være etterspurd og etterlengta. På min skole går dei nå og ventar på denne boka, seier Hjemås.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)