Publikumssuksessar som "Singing in the Rain" i Oslo og "Les Miserables" i Bergen er nokre av førestillingane som har gitt oppsving i teaterbesøket.
Ifølgje tal NRK Kulturnytt har henta inn kjem det samla besøkstalet for 2008 til å overstige besøket i 2007.
- Megasuksess
95 000 strauma til for å sjå "Singing in the rain" på Oslo Nye Teater. Ifølgje teatersjef Svein Sturla Hungnes har dei aldri opplevd ein tilsvarande suksess.
- Ja, det var ein megasuksess. Det gjekk over alle grenser og tok nesten ingen slutt, seier han til NRK Kulturnytt.
Hugnes er ikkje overraska over at 2008 blir eit godt år for dei norske teatra.
- Eg synest at det svingar av norsk teater. Tilboda er mange og kvaliteten er veldig høg. Det skjer vel så mykje på norske scener som i London, seier han.
- Suksess avlar suksess
I tillegg til Oslo Nye Teater kan både Rogaland og Hordaland teater melde om publikumsrekord i år. Den Nationale Scene i Bergen opplever eitt av sine beste år på lang tid, mellom anna som følgje av "Les Miserables"-oppsetjinga. Teatersjef Bjarte Hjelmeland meiner at suksess avlar suksess.
- Eg opplever at teatra er nyskjerrige og strekk seg etter publikum. Og publikum har behov for oss og treng den "live"-opplevinga teatra kan by på, seier Hjelmeland til NRK.