Hopp til innhold

Seriemeister Stavanger

Einar O. Risa ein uvanleg stilsikker forfattar som har styring på verkemidla, skriv vår kritikar.

Einar O. Risa M. Kanne & Søn
Foto: Tiden Norsk Forlag

Tore Renberg har nettopp kome med tredje roman om stavangerguten Jarle Klepp. Heile Stavanger er nyss blitt oppfordra til å lese Kaninbyen som er siste roman i stavangertrilogien til Arild Rein, og no er Einar O. Risa ute med romanen ”M. Kanne & Søn”, og dette er første bok i ein trilogi frå, ja nettopp, Stavanger.

Det er truleg tilfeldig, men likevel påfallande at Stavanger så til dei grader står fram som seriemeister. Heilt sikkert er det at det går an å lage svært så ulike romanseriar med utgangspunkt i denne byen. Renberg har valt oppveksten, Rein har drege fram vrangsida av oljebyen, og no tek Risa eit historisk grep. Roman nummer ein spenner frå 1889-1922, og i løpet av dei to neste bøkene skal Stavanger få utvikle seg frå provinsby til oljehovudstad.

Einar O. Risa M. Kanne & Søn
Foto: Tiden Norsk Forlag

I kjent terreng

Risa er i kjent terreng, han har allereie bak seg bøker om både Obstfelder og Kielland, så vel som om den danske kunstnaren Krøyer frå same periode. Hovudpersonen M. Kanne i ”M. Kanne & Søn” er etter det eg forstår fiktiv, men både Krøyer og Kielland er tildelt biroller.

”Hva kan man gjøre i denne byen? spurte M. Kanne, fotograf, og lente seg over rekken, dampskipet nærmet seg kaien og de kunne se Torvet strekke seg skrått oppover mot Domkirken. Reise videre, sa Krøyer, hvis det var ham, hvis det var Peder Severiin, med to ii-er slik han er skrevet inn i kirkeboken, P.S. Krøyer, stående ved skipsrekken sammen med den kommende fotograf M. Kanne & Søn, men slik ble det fortalt, gang etter gang, over den duftende juleanden som nettopp var kommet ut av ovnen…”

Let teksten flyte

Risa økonomiserer med teiknsetjinga og let teksten flyte av garde med dialogar og digresjonar, fortid og framtid i ein straum, og slik syg han lesaren fast til historia om den 21 år gamle danske fotografen Kanne som etter nok ein krangel med far dreg på lykke og fromme ut i verda og hamnar i Stavanger, der han etablerer seg med både atelier og familie.

Tida som går kan lesast gjennom stadig nye kameramodellar og skiftande moteretningar innan portrettfotograferinga, men også på tusen andre små ting, for Risa er ikkje redd for å drive research og han økonomiserer slett ikkje med tidskoloritten. Han plasserer Kanne og dei andre i spennet mellom ei verd som stadig byr på nye tekniske innretningar, krigar og omveltingar på den eine sida, og dei faste, familiære rituala: Juleanda, familieanekdotane, reisene utover Jæren på den andre sida.. Risa let livet fare såpass hardt med fotografen at det vekkjer kjensler hjå lesaren, sjølv om teksten har ein ganske så distansert forteljemåte. Grepet er på ingen måte originalt, men det er godt gjort.

Stilsikker forfattar

Så er også Einar O. Risa ein uvanleg stilsikker forfattar som har styring på verkemidla og i tillegg har han ei historie å fortelje. Denne boka går inn i eit ambisiøst og tydelegvis omfangsrikt kultur- og idehistorisk prosjekt som vi enno ikkje anar slutten på.

Dersom ein skal utforske det norske samfunnet gjennom dei drygt 100 siste åra, er provinsbyen Stavanger anno 1889 slett ikkje noko dumt startpunkt.