«Walk the Line»
Joaquin Phoenix som Johnny Cash og Reese Witherspoon som June Carter i en scene fra «Walk The Line»."(Foto: TWF 2005).Ingen song med slik overtyding som Johnny Cash. Alltid med uovertruffen vokal kontroll, uklanderleg i svart frå topp til tå.
Publisert 02.02.2006 09:26. Oppdatert 03.02.2006 12:45.
- Skriv ut
Anmeldt av Svanhild Sveinsdotter Grov
Den biografiske «Walk the Line»» tek for seg dei tidlege åra i Cash sin karriere. Dette er ei perfekt historie der eit musikalsk stortalent vert redda frå piller og alkohol av ei stødig kvinne. Den sterke musikken vert resultatet.
Dørseljar
Me ser Johnny Cash veksa opp på ein liten gard i Arkansas, med ein alkoholisert far og ei mor som konstant nynnar på ein eller annan salme.
Cash skreiv sine første låtar medan han var i flyvåpenet i Tyskland. Attende derifrå giftar han seg og får jobb som dørseljar. Han slit mellom draumen om å leva av musikken og forsørga kona og dei tre døtrene.
Rørande
Ein av dei mest rørande scenene i «Walk the Line» er når Johnny prøvespelar for den legendariske plateprodusenten Sam Phillips. I byrjinga av låten Folsom Prison Blues er han ein famlande gutekvalp utan tru på sitt eige materiale. I det siste gitarklimp tonar ut er han blitt Johnny Cash.
Joaquin Phoenix er eit perfekt val i rolla som Cash, med sitt tidvis mannevonde og plaga oppsyn. Han vert ein fascinerande kontrast til slagferdige og morosame Reese Witherspoon, som verkar kanskje litt ung og velpolert i rolla som June Carter. Phoenix og Witherspoon syng overraskande bra, sjølv om Phoenix ikkje kjem i nærleiken av Cash sin mørke og fyldige vokal.
«Walk the Line» er kjærleikshistoria mellom June Carter og Johnny Cash, men filmen er også ei kjærleiksytring til musikken deira. Og det er jo det me vil ha.
Kulturnytt, NRK P2, 2.februar 2006
Lyd og video
Lenker
10 siste Kultur
- Gråtende Oprah slutter i jobben
- 'Mørkets hjerte' en gang til
- Holocaust-ofre minnes på gata
- Ble tilbudt falsk Munch-kunst
- Vangsgutane over dammen
- Nordmann vant britisk prestisjepris
- Munchforfalskninger avslørt
- Victorias Secrets Fashion Show
- Økokrim regner med store mørketall
- Sørkoreansk toppmodell funnet død
Filmanmeldelser NRK Kultur
Anmeldelser bok
Anmeldelser musikk
Anmeldelser spill
Anmeldelser Scene
Anmeldelser Kunst
Neste sending: Kulturnytt
Nettradio
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/kulturnytt.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Nett-TV
Kontakt
E-post: kulturnytt@nrk.no
Telefon: 23 04 71 50
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.



Fryktelig lykkelig (6)
Historien om Liverpool
Anmeldelse: Left 4 Dead 2
