Inger Bråtveit er født i 1978. Ho er journalist i Dag og Tid, og "Munn mot ein frosen fjord" er hennar første roman.
Her kan du lese kva NRKs kritikar Anne Cathrine Straume meinte om boka:
Munn mot ein frosen fjord
Grunngjevinga
Juryen har kome med denne grunngjevinga for Nynorsk litteraturpris 2002:
Nynorsk litteraturpris 2002 går i år til ein debutant. Det har ikkje skjedd før og er i seg sjølv verd å merkje seg. I tillegg er det ein særs ung debutant vi her talar om. Denne nye, unge forfattaren har skrive ein roman som skil seg ut både når det gjeld innhald og form.
Prisromanen handlar om sorg, om skuld, om sakn - formidla gjennom ein slags poetisk surrealisme: gjennom draumeaktige fantasiar, restar av rim, reglar og songar i kulturen og gjennom skarpe bilete og situasjonar.
Den som opplever, er eit barn, ei jente. Gjennom barnets kjensler, blikk og sansar blir lesaren ført inn i ei verd der noko så grenselaust vondt er skjedd at det vanlege kvardagsspråket ikkje har ord, ikkje kan bere smerta fram. I glimt og i gåter, blir brokkar og bitar av ei bakgrunnsforteljing gradvis avdekt: I ein frosen fjord ligg ei søster.
Rundt barnet er ein far, ei mor, ein bestefar og ei bestemor. Alle har dei nok med sitt. Alt er useieleg.
Men det poetiske språket kan formidle noko kvardagsspråket ikkje kan. Gjennom fantasiar og poetiske omskrivingar kan sorg og saknad få sine uttrykk. Eit poetisk sorgarbeid. Ein svart fugl mistar si hakkande makt over ho. Som i ein draum kan ho sjå den vesle systera si forsvinne inn i skogen tett saman med den svarte katten sin.
Det er ei stor glede for juryen å gje Nynorsk litteraturpris 2002 til Inger Bråtveit for romanen "Munn mot ein frosen fjord". Boka er kome ut på Tiden.
Desse sit juryen for Nynorsk litteraturpris 2002:
Sylvie Penne
Tone Ringen
Gunnar Foss