- Det vil være svært uheldig om dette blir eit politisk teater for å fremstille ei enkelt vinkling, seier Arne Johannesen, leiar i Politiets Fellesforbund.
På veg til Strasbourg
Sivilombodsmannen har sagt han vil sjå på Obiora-saka, og det blir også snakka om å ta saka til menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Johannessen fryktar difor at ei skeiv framstilling kan få store konsekvensar.
Til NRK Kulturnytt påpeikar Arne Johannesen at saka har vært prega av at mange aktørar har hatt behov for å fortelje sin versjon, og at saka har hatt sterke politiske dimensjonar.
- I denne saka har vi i ein del samanhengar sett svært sterke ytringar og lite respekt for rettssystemet, seier han.
Ønsker debatt
Cliff Moustache i Black Nordic Theatre avviser at dei skal opptre som dommarar. Han håper at teaterstykket skal skape debatt.
- Det er viktig å spørje kva slags samfunn vi lever i og korfor denne episoden enda som den gjorde.
Moustache beskriver stykket som eit fiksjons-dokumentasjonsteater.
- Vi har allereie starta researcharbeid. No har vi ein dramatikar som reiser mellom Oslo og Trondheim for å snakke med dei som kjende Obiora.
Betent sak
Norsk-nigerianaren Eugene Obiora døydde i 2006 etter eit basketak med politiet i Trondheim. Saka har vore etterforska av mellom andre Spesialeininga for politisaker, men blei lagt bort i fjor grunna mangel på bevis.
Ifølgje nettstaden scenekunst.no har dramatikaren Ingeborg Eliassen arbeidd med manus sidan oktober, og teaterkompaniet leitar no etter ein etnisk nordmann som mellom anna skal spele politimann.
Det er ikkje første gong ei kriminalsak blir teaterstykke. Sogn og Fjordane teater laga eit stykke om kva som skjedde då 17 år gamle Arve Beheim Karlsen drukna i Sogndalselva i 1999, og saka mot Fredrik Fasting Torgersen har vore iscenesett fleire gonger.