Hopp til innhold

Vinterbarn

Nok ein gong loddar Oddmund Hagen djupt i menneskesinnet med si særeigne, insisterande prosa.

 

"Vinterbarn" er historia om ein godt vaksen mann som gjerne tek seg ein tur til barndomsheimen ute på ei lita øy når han har fri. Men dette møtet med barndomslandet er ikkje lenger prega av idyll.

Her har driftige naboar sett i gang storstilte byggjeprosjekt. Såkalla naust veks opp langs stranda, naust som alle kan sjå det er meininga at feriefolket skal kunne bu i. Det toppar seg ein dag han kjem og oppdagar eit par estlandske snikkarar som er i full sving inni hans eige hus.

Vinterbarn
Foto: Det Norske Samlaget

”…du går ikkje lenger ned til denne plassen slik du heller ikkje går i utmarka lenger, der hyttefolket har slått seg til og tatt hevd over barndommen din, og du kjenner at dette plagar deg, det plagar deg verkeleg at denne avstanden mellom det som var og det som er, har blitt til ein avgrunn, ei djup sjakt som sluker tankane dine og trekker deg mot kanten av stupet, og du vil det ikkje, og likevel går du mot stupet, steg for steg, tanke for tanke dette suget mot alt som er borte, alt som blir tatt frå deg og aldri blir gitt tilbake, for du har alltid tenkt at dette landskapet her på yttersida med strendene og utmarka, alt dette var på lån frå den eine generasjonen til den neste, og så er det ikkje slik lenger, landskapet er gjort om til fast eigedom, til investeringar, til pengepøbelen og oppkomlingen sin leikeplass…” (s 21-22)

Historie i mange lag

You can never go back. Ingen kan dra tilbake til barndomslandet, for sjølv om DET ligg der urørt er DU blitt ein annan.

I denne vesle romanen er tapet endå meir absolutt, ettersom øya frå fortida i tillegg er blitt invadert av griske utbyggarar. Likevel går historia så langt i relativt velkjende spor.

Men Oddmund Hagen er ikkje ein forfattar for slike enkle historier. Under og ved sida av denne forteljinga om frekke og griske entreprenørar for den nye tida, så handlar dette om ein person som ikkje har eit heilt avklart forhold verken til seg sjølv eller til fortida si. Allereie det at han snakkar om seg sjølv i ”du”-form, vitnar om at dette er ein kar som ikkje er heilt på plass.

Hagen let språket hans veksle mellom rettferdig harme og poetiske minningar om lyset og luktene frå barndomslandet, og tilbakeblikk på det barnet han eingong var.

Poetisk uhygge

Det er vakkert, og desse vemodig vakre skildringane av barndomslandet som no berre ligg i minnet, er med på å gje teksten ein heilt spesiell uhygge etterkvart som historia nesten umerkeleg vrir seg i ei anna retning. Og stort meir bør ikkje ein kritikar røpe om det som skjer.

Det som gjerne kan røpast, er at Hagen nok ein gong loddar djupt i menneskesinnet med sin særeigne, insisterande prosa.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober