Nasjonalbiblioteket har tidlegare fått skarp kritikk for samarbeidet.
Omstridd samling
Den omstridde samlinga til Martin Schøyen er truleg verdas største private skriftsamling. Samlinga er omstridd grunna usikker eigarhistorie til fleire av gjenstandene, og uvisse om korleis skriftene har hamna i Noreg.
Schøyen har blitt knytta til internasjonal kunstkriminalitet og har mellom anna tidlegare blitt nødt til å levere tilbake nokre buddhistiske skrifter frå samlinga si til Pakistan, som har svært strenge lover mot plyndring og smugling av gamle kunstskattar. Dette var blant avsløringane som kom fram i to NRK Brennpunkt-dokumentarar i 2004.
Kan ha vore kvitvasking
Samarbeidet mellom Schøyen og Nasjonalbiblioteket har gått ut på at Biblioteket har publisert eit utval av samlinga til Schøyen på nettsidene sine. Dette har dei gjort heilt utan å ta ansvar for eigarhistorikken til gjenstandene i samlinga, men sagt at dette er opp til Schøyen å dokumentere. Fleire forskarar har peika på at Nasjonalbiblioteket slik kan ha vore med på å kvitvaske kunstkriminalitet.
Særleg sterk var kritikken for to år sidan, da det vart avslørt at Schøyen-samlingen inneheldt tjuvegods.
Til NRK konstaterer nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein at grunnlaget for samarbeid ikkje lenger er til stades, og seier det er uproblematisk at det no tek slutt.