På rad og rekke i matrosdressar har dei unge gutestemmene i Sølvguttene sunge jula inn i over 60 år. Men etterkvart som åra har gått har gutane komt i puberteten tidlegare og tidlegare, noko som får store følgjer for sangstemma.
- Stygge tal
Dirigent for Sølvguttene, Fredrik Otterstad, er uroa.
- Det er stygge tal for oss i gutekorbransjen. Konsekvensen er at vi må ta inn yngre gutar. Vi tek inn gutane opptil to år tidlegare, og det er klart at dei har dårlegare konsentrasjon når dei er så små. Det gjer det vanskelegare å arbeide intenst med vanskelege ting, seier Otterstad.
Samme tendens i Danmark
Det finst lite norsk forsking på området, men Sølvguttene-grunnleggjar Torstein Grythe har heilt sidan starten registrert stemmeskiftet til kormedlemmene. Denne syner at gutar heilt ned i 12-års alderen i dag kjem i stemmeskiftet, noko som var ytterst sjeldan for 50 år sidan.
Også Københavns Drengekor i Danmark har fått merke at gutane mister den lyse stemma tidlegare enn før, fortel songinspektør Mogens Halten til Danmarks Radio.
- Vi meiner å spore ein tendens til at gutane kjem raskare i puberteten, seier Halten.
Skuldar på livsstil
Danske forskarar undersøker no endringa nærmare, men førebels får kosthald og livsstil skulda. Otterstad i Sølvguttene fryktar for kvaliteten på musikken med stadig yngre songarar.
- Det manglar det meir modne uttrykket. Dei unge gutane høyres meir naive og barnlige ut enn ein gut på 16, seier Otterstad.