Hopp til innhold

1964

Ragnar Hovland har forfatta haustens mest sjarmerande roman. "1964" er god litteratur, meiner Marta Norheim.

Ragnar Hovland
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Det er fem år sidan Ragnar Hovland gav ut romanen "Vinterreise" som delvis var forfattarens eiga dagbok frå ei tid med alvorleg sjukdom. Det vart kritikarsuksess og prisdryss, og mange likte at Hovland viste meir alvorlege sider. Har han så teke med seg alvoret inn i romanen "1964"?

Handlinga i ”1964” er alvorleg nok, den, men tonen er av det underfundige slaget. Derfor verkar det liksom ikkje så alvorleg at mor stadig må leggast inn for depresjonar eller at ein 12-åring slår i hel far sin. At ein 6-åring set utfor hoppbakken der vaksne hoppar 60 meter etter at han har drukke seg til mot på sprit, ja, det kjennest heilt normalt.

1964
Foto: Det Norske samlaget

Ikkje biografi

Sagt på ein annan måte: vi er inne i eit svært litterært univers. Sjølv om hovudpersonen er 12 år i 1964 akkurat som forfattar Hovland, melder sistnemnte klart frå allereie i forordet om at her skal det ikkje lesast biografisk, nei. Tvert om har han valt dette årstalet fordi det er eitt av dei åra han hugsar minst frå i heile livet.

No skal ein aldri stole på forfattarar når dei kommenterer sine eigne bøker, men her kan vi gjere eit unntak, for her er vi inne i ein stilisert roman med svært tydeleg teikna figurar som liknar meir på dei ein finn i gutebøker og teikneseriar enn dei som sprang levande rundt i kortbukser i 1964.

For den som har sans for slikt, går det nok an å lese romanen som ein polemikk mot bølgja av biografiske romanar vi er midt inne i, eller mot kritikarar som snusar rundt etter biografiske element så dei nesten gløymer at dei er i ein roman og ikkje på kjøkkenet til forfattaren.

Fjern men nær

Den som har lese Hovlandbøker før, vil vite at han kan kome opp med bisarre typar viss det er det han vil, og dei kan han late lire av seg dei mest usannsynleg vittige replikkar sånn i forbifarten viss det er det han vil.

Og her vil han begge deler. Her har vi Olaien som skjenkjer bikkjene sine før han dreg på tokt for å rappe sjølvaste bedehuskjelen, her har vi Nils-Erik som køyrer forbi på mopeden same kva som elles måtte hende, her er barn som forstår at ei halvdaud flaggermus er det som skal til for å berge ekteskapet til mor og far.

Sagt på ein annan måte: "1964" kan trygt lesast av dei som hugsar året og dei som var for unge til å få det med seg. For romanen er temmeleg fjern, og dermed ganske så nær på den måten berre god litteratur kan vere det.

Kulturnytt, NRK P2, 14. november 2006

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober