Hopp til innhold

Ufarleg Quisling

Vidkun Quisling sine notatar blir for første gong utgitt i bokform. Men boka blir neppe nynazist-propaganda. Det seier både forskarar og den høgre-ekstreme organisasjonen Vigrid.

Vidkun Quisling
Foto: Scanpix / SCANPIX

Quisling sjølv meinte at tankegodset hans skulle gi han eit stort ettermæle, og skreiv store delar av livet på eit filosofisk verk. Det opnar slik:

«Den oppgave jeg har hatt for øye i denne bok, er den største et menneske kan sette seg. Nemlig å tenne et lys for menneskene. Denne nye lære, som er bestemt å bli seierrik over alle andre, har jeg kalt universismen.»

- Interessant

For første gong kan vi altså lese denne samlinga av Quisling sine notatar. Her tek han føre seg raseteori, hellig krigføring, psykologi, vitskap og religion.

Tore Tvedt
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Leiar av den nazi-sympatiserande gruppa Vigrid, Tore Tvedt, synes boka er interessant.

- Vi kjem til å lese det og sjå om det er noko vi kan bruke, seier Tvedt.

På nettsidene sine hyllar Vigrid Hitler og hans bok «Mein Kampf». Tvedt trur ikkje Quisling-tekstane kjem til å få så stor status.

- Det tviler eg på, men at vi har noko å lære av tekstane er det ingen tvil om, seier han.

Ingen «Mein Kampf»

Professor i idehistorie Jan-Erik Ebbestad Hansen trur ikkje at universismen til Quisling blir ståande som eit gyldig manifest.

- Eg trur ikkje det no, men ein veit jo aldri, for det er alltid nokon som er galne nok til å gjere noko ut av sære ting, seier Ebbestad Hansen.

- Går det an å samanlikne desse skriftene med for eksempel Hitler og «Mein Kampf»?

 - Nei, det trur eg ikkje. Desse skriftene til Quisling orienterer seg mot store filosofiske tema. Sjølve den nazistiske ideologien finn du lite direkte uttrykk for her, seier han.

Arve Juritzen
Foto: Scanpix / Scanpix

Arve Juritzen er den som har samla saman Quisling-notatane. Heller ikkje han er bekymra for at at dei skal føre til ei oppblomstring av Quisling sitt tankegods.

- Noko førebilete blir ikkje Quisling på bakgrunn av desse tekstane. Eg trur ikkje at noko i denne boka gjer at det vil blomstre opp ein tilhengjarskare av Quisling igjen. Hans tid som førebilete er nok forbi, seier Juritzen.

 

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.