Tore Renberg
Farmor har kabel-TV/ Videogutten
Forlaget Oktober 2006
Av Marta Norheim
"Farmor har kabel-TV" handlar om to fjorenåringar som midt på 80-talet vansmektar framfor det eine triste programmet etter det andre frå "statskanalen", heilt til den eine kjem på at farmora til den andre bur i ei blokk der det er innlagt, ja nettopp - kabel. Denne kabelen har aldri vore viktig for bestemor, men no endrar den livet hennar, for no kjem dei to unge gutane på besøk og alle tre blir glade.
Så enkelt er det, men historia er fylt med det Renberg er flink til, nemleg små, konkrete detaljar som nystrokne lommetørkle i farmorveska, og uklåre kjensler som gryande sjalusi mot kompisen frå han som faktisk eig bestemora. Musikken utgjer eit bakteppe og den som lurer på kva som verkeleg galdt midt på 80-talet, kan studere listene der gutane delte ut karakterar på skalaen: lue/nja/litt/bra/kul/enorm. Dette er ein enkel tidsstudie og ei feelgood-historie om kontakt mellom generasjonane.
Feelbad
Dei mørke sidene er sjeldan langt unna i ei Renbergbok, her dukkar dei opp om lag midt mellom permane. "Videogutten" handlar også om to gutar i 14-årsalderen i ein by som godt kan vere Stavanger, og det handlar om fascinasjonen for TV-skjermen.
Desse to er gutar som vanlegvis går for seg sjøl, verken jentene eller gutane er interesserte i dei, men så ein dag rir ein framand inn i byen som i gamle cowboyfilmar og så tek ting til å skje. Det vil seie, det var berre ein liten kar frå ein annan bydel som kom ny i klassen, men han lokkar dei med til videogutten. Videogutten er ingen positiv rollemodell for å seie det slik, videoane og ein del andre saker som skjer med base i kjellardjupet til videgutten er hinsides norsk lov, noko som ganske snart går opp for lesaren, og gradvis også for våre to fjortisar som ønskjer litt meir spenning i livet og som for så vidt får akkurat det.
Videogutten" er ei historie meir i retning feelbad og den har eit visst sug i seg, men felles for begge historiene er at dei er såpass enkle at når teksten er lesen er du heilt ferdig med den. Ei typisk mellombok, mens vi ventar på neste roman om Jarle Klepp. Som Renberg heilt sikkert vil bruke meir tid og krefter på enn denne her.
Nitimen, NRK P2, 24. august 2006