skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
Astrid Brekken:

Det er ikkje trua vi skal respektere

Om vi godtek at trongen til myter og usynlege makter har vore til hjelp sett frå ein evolusjonistisk ståstad, korleis forklarer vi så at i enkelte samfunn – og ikkje minst i Europa – blir gud stadig mindre viktig?

Publisert 28.09.2006 16:09.
Eg melde meg ut av statskyrkja på 1960-talet. Dit vart eg – som så mange andre - plassert ved dåpen. Seremonien fann stad i ei kvitmåla landsens kyrkje ein sommardag vel tjue år tidlegare. Den gongen på 60-talet var eg sikker på at vi var på veg inn i ei verd med færre menneske som trur på dogmer og myter, og mindre krig og ufred med forgreiningar til religion.

Guds peikefinger krympar stadig

Det er derfor med uro eg ser meg rundt nå. Min skepsis til kva religion fører med seg er blitt sterkare. Det er også mitt behov for å forstå kvifor folk stadig trur på overjordiske fenomen, profetar og gudar som opptrer i gamle skrifter.
For samstundes krympar jo rommet for den allvitande og allmektige skaparen jamt og trutt under trykket frå vitskapen.
Likevel trur eit fleirtal i USA meir på bibelens skapingshistorie enn på Darwins evolusjonslære.
For er det virkeleg sannsynleg at noko så komplisert som mennesket er blitt utvikla ved slump og muteringar? Må ikkje ein lynskarp konstruktør ha trødd til i overgangane? Det meiner til dømes tilhengjarane av det som blir kalla intelligent design.
Men det er ein risikosport å føre inn guds peikefinger i alle sprekker der vitskapen ennå ikkje har heildekkjande forklaring – som at gap i fossillevningar er bevis for at det finst ein superhjerne med ein plan bak vår vedunderlege verd.
Eit fossilfunn nyleg tildelte intelligent design-tilhengjarane eit nytt nederlag : Vi veit at for bortimot 400 millionar år sidan vandra dei første vesen frå sjøen opp på land. Funnet av eit krokodille-liknande dyr, tiktaalik roseae, er etter vitskapens syn ein hittil missing link mellom vårt havliv og vårt landliv.

Jesus på tynn is

Men forskarane har ikkje berre fått denne krokodille-liknande missing linken på plass i det siste –under står også på vaklande grunn:
Klimaforskarar hevdar at Jesus neppe gjekk på vatnet på Genesaret-sjøen.
For det skal ha vore spesielle tilhøve – kanskje reint ut sagt ekstremvær i dei traktene for omkring to tusen år sidan. Forskarane meiner at Jesus faktisk kunne ha råka til å vandre på tynn is. Det meste har ei naturleg forklaring, fantastisk nok.

Gud på hjernen?

Vitskapen er også ute med hypoteser og forsking om kvifor mennesket har dette merkelege behovet for å feste lit til det usynlege, til englar, gudar og djevlar. For ei tid tilbake intervjua eg nevrologar ved Karolinska sjukhuset i Stockholm, dei hadde oppdaga skilnader i hjernen til menneske som trur på høgare makter i høve til dei som ikkje gjer det. Og innan feltet nevroteologi blir det spurt: kvifor vil ikkje gud forsvinne - er mennesket biologisk programmert til å skape myter?

Dei går dessutan inn på den evolusjonære samanhengen mellom religiøs ekstase og seksuell orgasme, og korleis ritual skaper sitt eige nevrologiske miljø. Dei spekulerer også på om vår moglege biologiske trong til myter og gudsmakt er eit prov for at gud finst.
Dersom det er slik at den religiøse impulsen hos mennesket er å finne i hjernens biologi, må den da ikkje ha vore til hjelp i vår kamp for å overleva?
Om svaret er ja, er det like fullt eit sørgeleg faktum at danninga av religionar har medvirka til at uhyrleg mange ikkje har overlevd.
Men om vi godtek at trongen til myter og usynlege makter har vore til hjelp sett frå ein evolusjonistisk ståstad, korleis forklarer vi så at i enkelte samfunn – og ikkje minst i Europa – blir gud stadig mindre viktig?
Kjem skilnadene på hjernene våre fram når vi lever i samfunn der vi står fritt til å tenkje og meine?
Europearar av i dag har vondt for å tru at folk stadig tek gud så alvorleg at dei ynskjer forme samfunnet etter guds diktat. Og det er vel derfor europearar er blitt tatt på senga av utfordringa dei har fått frå fundamentalistisk islam. Er noko heilagt for oss europearar, er det retten til den frie tanken og det frie ordet.

Det er ikkje trua vi skal respektere

I dagens situasjonen må europearar ha større evne til innleving overfor den islamske verda, sa ein kjend fransk sosiolog, Marcel Gauchet, intervjua i avisa Le Monde tidlegare i år. Men så sa han også: Det må ikkje gå ut over retten til religionskritikk. For det er ikkje trua vi skal respektere, det er mennesket, vera det truande eller ikkje. Ein kan ikkje forlange at ein truande muslim skal fornekte seg sjølv. Ein kan heller ikkje forlange at menneske i Vesten skal gje avkall på sitt kjæraste og mest symbolsk lada gode – retten til å tenkje og ytre seg fritt. Så langt Gauchet.

Vi har med andre ord ein grunnleggjande rett til å kritisere og til ikkje å respektere dogmer og trusforestillingar, slik vi har når det gjeld eit kvart tankesystem, politiske eller religiøse. Å unnlate å gjera det kan vera farleg.

P2-kommentaren, NRK P2 laurdag 30.sept. kl 16:50 og søndag 1.okt kl 20:20 2006


 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no