skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
Astrid Brekken:

Heltar i vår tid

Ayeen Hirsi Ali var med på å lage filmen "Underkastelse". Ho vart politisk aktivist da ho på krisesenter og sjukehus møtte muslimske kvinner som hadde rømt frå mishandling og tvangsekteskap.

Publisert 19.11.2004 14:16. Oppdatert 19.11.2004 14:23.
”Fridom er ikkje for dei feige,” sa mor til filmregissøren Theo van Gogh i gravferda, etter at sonen hennar vart drepen på open gate 2. november. Og ho la til: - ”Pass godt på framtida!”

Ikkje dialog

I Nederland, som vi oppfattar som det mest frisinna og opne av alle europeiske samfunn, spissar det seg til. Det er kanskje nettopp derfor det spissar seg til. Når dei demokratiske rettane og særleg ytringsfridomen blafrar høgt i vinden med sine ulike uttrykk, blir det for mykje for enkelte. At drap er ei forgjeves gjerning, at den avlar hat og meir blod – sjå, det er tatt med i rekninga. Her er ikkje snakk om ynske om dialog eller om å forstå eller respektere.
Vi må altså kjempe for demokratiet, for ytringsfridom, for likestilling, for menneskeverd og mot framandfrykt kvar einaste dag.
Det er det Ayaan Hirsi Ali gjer. Ho samarbeidde med Theo van Gogh om den omstridde filmen ”Underkastelse” som kosta han livet. Ho sit i parlamentet for det liberal-konservative partiet VVD, ho er nederlandsk statsborgar, fødd i Somalia. Hirsi Ali voks opp som ei typisk muslimsk jente. Som femåring vart ho som alle andre somaliske jenter kjønnslemlesta, i Somalia praktiserer dei det mest radikale inngrepet. Og som 22-åring prøvde faren å gifte henne med ein mann ho ikkje ville ha. Ho greidde rømme, og fekk opphald på politisk grunnlag i Nederland.

Kvifor så farleg?

På liket av Theo van Gogh var festa eit brev, der Ayaan Hirsi Ali blir namngjeven som den neste på drapslista.
Det er ikkje første gongen Hirsi Ali blir truga på livet.
For to år sidan vart det så alvorleg at ho etter ein periode på løynde adresser måtte reise frå Nederland ei tid, men kom attende da ho fekk livvakter. Enkelte hevdar at ho er høgreekstrem og innvandrarfiendsleg. Andre kallar henne ein nederlandsk Salman Rushdie og i svenske Dagens Nyheter kallar journalisten Maciej Zaremba henne ein feministisk helt. Ali Hirsi ser ghettodanninga som eit trugsmål mot muslimske kvinners og barns rettar, og vil stanse den illegale innvandringa som er med på å hindre integrering. Ho meiner politikarane i landet gjer feil når dei yter støtte til islamske skolar og foreningar, det fører ikkje til at muslimar blir integrerte. Ho trur på det fleirkulturelle samfunnet, der folk som tilber kvar sin Gud eller let det vera, lever saman. Men ho tek sterk avstand frå ei innstilling som til dømes går ut på at kjønnslemlesting av jenter ikkje gjer den somaliske kulturen dårlegare enn den nederlandske, der slik praksis er forboden.

Lova er blind

Det var denne forma for multikulturalisme som gjorde henne til politikar – da ho såg at ei slik innstilling spreidde seg blant dei etablerte i samfunnet, kjende ho seg truga som somalisk-nederlandsk. For det innebar at Nederland ikke ville forsvare henne dersom hennar tidlegare landsmenn eller familien gjorde henne noko vondt eller hindra henne i å vera eit fritt menneske. Ho oppdaga at nederlandske politikarar lytta når innvandrarmenn sa at kva dei gjorde med sine koner og døtre ikkje var politikaranes sak. Det var da ho gjekk ut av det sosialdemokratiske partiet, fordi ho meinte det ikkje tok innvandrarkvinnenes problem på alvor.

Spydspiss - og skyteskive

Hirsi Ali, stadig omgitt av livvakter, må framkalle skamkjensler i det nederlandske samfunnet – som med glede har overlatt til henne å seia det som må seiast for å verne om likskap for lova, står det i Dagens Nyheter.
Noko liknande skjer i her landet – vi er glade for å ha ei Shabana Rehmann eller ein Walid al Kubaisi som talar i klartekst om middelaldertilstander i islamsk religiøs praksis eller kvinneundertrykking i muslimske familiar. At overgrep skjer i familiar i alle nasjonar og uansett religion veit vi, og det var ikkje hurrarop å høyre frå alle kantar her i landet heller da kvinnemishandling for alvor kom på dagsorden på 1970-talet. Ikkje minst sat viljen til å tala sanning om dette langt inne i visse kristne miljø.

Med eigne augo

Ayaan Hirsi Ali oppdaga tilstandene blant muslimske kvinner da ho var tolk for nederlandske sosialarbeidarar og immigrasjonsstyresmakter. Ho var på krisesenter og sjukehus, og møtte særleg marokkanske og tyrkiske kvinner som hadde rømt frå mishandling og tvangsekteskap. Mange hadde hatt hemmelege abortar. Tre av fem marokkansk-nederlandske unge jenter blir tvinga til å gifte seg med menn frå heimelandsbyen i Marokko. Nederland har nå innført avgrensingar på å ”importere” ektefeller frå opphavslandet.

Kunnskap frigjer

Når frontane hardnar til er det ekstra viktig ikkje berre å synse. Manglande kunnskap nører opp under frykt og hat. Når det gjeld Nederland, kom i år 2000 ein ofte sitert forskingsrapport om haldningar og synspunkt blant unge menneske mellom 18 og 30 år i Rotterdam – med tyrkisk ,marokkansk og nederlandsk bakgrunn.
Undersøkinga slår fast at dei aller fleste unge muslimar er ikkje fundamentalistar – fleirtalet av dei tyrkiske og marokkanske unge er i utvikling mot ein religion med personleg preg og rom for ulike synspunkt, til dømes på bruken av hijab.
Det er særleg på eitt område at gruppene står steilt mot kvarandre: familieverdiar og kvinnefrigjering. Rundt førti prosent ser desse skilnadene som uoverstigelege.
Det er to viktige konklusjonar i denne rapporten:
at berre omkring fem prosent av dei unge – muslimske eller nederlandske – er tilhengjarar av fundamentalistiske eller ekstremt høgreorienterte politiske idear.
Og forskarane tar i bruk ordet enorm når dei ser på kva utdanning betyr for alle i undersøkinga:
jo høgare utdanning, jo mindre skilnader mellom nederlandske og muslimske unge. Og særleg tydeleg er dette blant unge kvinner med muslimsk bakgrunn i andre generasjon. Dei er i fremste rekkje når det gjeld å minske kløfta mellom foreldras verdiar og dei verdiane som rår i det nederlandske samfunnet i stort. Forskarane er ikkje i tvil om at utdanning er den viktigaste reidskapen for å bringe minoritetar og innfødde nærare kvarandre.

Under dobbelt eld

Ayeen Ali Hirsi har dette på sin politiske dagsorden:
Ho vil starte med krisesentrene, og omskape dei til kvinnefrigjeringssenter, der kvinner ikkje berre får terapi og mat, men også trening i korleis dei skal bli sjølvstendige. Slike program finst ikkje, og dei må vera lagt opp spesielt for muslimske kvinner. Og ho slår til lyd for å setja fart i sovande nederlandske kvinneorganisasjonar.
Dessutan meiner ho at moskear som hyser ekstreme grupperingar skal stengjast og medlemmene fotfølgjast. Ho kaller ekstremistane for Europas nye nazister. Det er sterke likskapstrekk: jødehat, eit sjølvbilde som overmenneske, og åtak på demokratiet.
Hirsi Ali opplever skjellsord frå folk som meiner dei talar innvandraranes sak, dei påstår ho gjev dei framandfiendslege vatn på mølla. Det er jo noko feministar og andre risikerer når dei hevdar at likskap for lova og retten til å leva eit liv utan vald, tvang og underkasting gjeld også for kvinner og barn.
Og ho har utsett seg sjølv for hat og raseri fordi ho talar frå innsida. Ho blir sett på som ein forrædar, og ein fråfallen.
Fridom er ikkje for dei feige.


P2-kommentaren, NRK P2, laurdag 20. nov. kl 16:50 og søndag 21. nov. kl 20:20


 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no