skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
P2-kommentaren

Mellomaldersk slektskap

At mellomaldermennesket kunne lage musikk, er det lite tvil om. Det herskar rettnok eindel tvil om korleis dei spelte og song musikken dei laga, men slik er det jo med det meste av det vi hentar frå farne tider; vi finn noko, og så gjettar vi oss til resten. Slik oppstår mange variantar, ikkje berre av musikken, men av heile fortida.

Publisert 08.05.2002 14:55. Oppdatert 10.05.2002 10:43.
Av Marta Norheim

Den italienske forskaren og forfattaren Umberto Eco, han med "Rosens navn", har talt opp heile ti alternative oppfatningar ettertida har hatt av mellomalderen. Det finst ein mellomalder for eit kvart behov, så og seie. Og desse ulike variantane seier kanskje meir om oss som lever i dag enn dei seier om den historiske epoken som i Europa varte frå vestromarrikets fall og fram til renessansen dvs. frå om lag 500 til 1500 etter Kristus.

Når det i våre dagar ser ut til å finne stad eit skifte mellom to ulike versjonar av - eller kanskje heller myter om -mellomalderen, så kan dette skiftet altså truleg seie noko om vår eiga samtid.

Med rak rygg inn i framtida

I historiebøkene på skulen stod det om lag slik, eg siterer etter minnet:

"Mellomalderen overtok då antikken gjekk under, og den varte i 1000 år. Då den endeleg var slutt, sprang folk ut i gatene og jubla og song: vi er fri, vi er fri; mellomalderen er endeleg forbi! Så blei antikken gjenfødd, og deretter gjekk det europeiske mennesket med rak rygg inn i ei framtid der opplysning, humanisme, fridom og toleranse blei rådande ideologi."

Omtrent slik. Denne versjonen av mellomalderen er laga av folk som hadde tru på framsteget og tru på at mennesket kan skape historia.

Fascinasjon og nostalgi

Den nye versjonen av mellomalderen, som vi skimtar konturane av i vår tid, er meir prega av fascinasjon og nostalgi. Den er ikkje lenger ein trist og grå epoke mellom to gullaldrar. Mystikk, prosesjonar, vakre drakter og sverdkampar står sentralt, men også musikken, pilegrimsferdene og religiøse ritual vekkjer interesse.

Kva seier så denne nye versjonen av mellomalderen? Vel, den seier sjølsagt noko om ein lengt etter eventyr og estetikk. Men det ligg også noko meir i denne fascinasjonen.

Kanskje vi ikkje lenger har så stor tru på at mennesket kan skape historia ved hjelp av politiske prosessar og resultat frå vitskap og forsking. Forsøka på storstilte politiske prosjekt dei siste hundre åra i land som Tyskland, Sovjet og Kina har kanskje vore med på å dempe forventningane til politikken noko, og alle veit at også vitskaplege framsteg har sine sider, som for eksempel atombomber og økologisk ubalanse.

Denne manglande trua på styring og framsteg har klare parallellar i mellomalderen.

Då var det god latin å tru at Gud hadde skapt ikkje berre naturen men også samfunnsordninga. Fyrsten var innsett av Gud, kyrkja også, sjølsagt. Det kunne vere ille, men slik var det, ingenting å gjere med. Så fekk ein trøyste seg til Vårherre og ta til takke med dei gleder livet hadde å by på.

Eit slags slektskap

Kanskje den nye fascinasjonen for mellomalderen ikkje berre botnar i hang til det eksotiske og eventyrlege, kanskje vi rett og slett kjenner eit slags slektskap?

No er det nok heller få som trur at globalisseringa eller kapitalismen er innsett av Gud, men det er ganske mange som har mista trua på at det går an å styre desse kreftene. I kjølvatnet av denne innsikta dukkar det opp nok eit trekk som knyter oss til mellomalderen, nemleg tanken om at det må vere forskjell på folk når det gjeld rettar og levestandard. Nokon er fattige, andre er rike og slik er det berre.

Den sosialdemokratiske likskapstanken er meiningslaus om ein ikkje har tru på at utviklinga let seg styre.

Men her lever det likevel att noko tankegods frå moderne tid: Det enkelte mennesket kan enno styre sitt private liv mot suksess, - eller fiasko. Så, fullstendig mellomalderske er vi likevel ikkje.


Av Marta Norheim

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no