skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
P2-kommentaren

Dei vanskelege heltane

Litteraturen er full av problematiske heltar. Frå Odysseen og til siste Dag Solstad-roman finst det 100 000-vis av heltar som rotar det til for seg sjøl og andre. Og boklesarane elskar desse heltane nettopp fordi dei har sine svin på skogen. Vi treng dei, rett og slett.

Publisert 08.02.2002 15:51.
Av Marta Norheim

Men i det verkelege livet ligg den problematiske helten vesentleg tynnare an. Her er toleransen låg, ikkje berre når det gjeld løgner og svik i jobben, men også ureint trav på andre livsarenaer blir slått nådelaust ned på.

No er det Knut Hamsun; igjen. Forfattar, nobelprisvinnar og -nazisympatisør. Kvar gong forslaget om å kalle opp ei gate eller ein plass etter han dukkar opp og blir møtt med protestar, etterlet det i meg ei uro som er større en sjølve saka skulle tilseie. Kva er det med den problematiske helten, kva er det med Hamsun, kva er det med gatenamn i byen som gjer dette til ei så stor sak?

Opprivande namnerevolusjon

La meg starte med gatenamn. Eit uhyre følsomt tema, som vi må utanfor landegrensene for å forstå dimensjonane på. I Aust-Europa har det frå 1990-talet skjedd ein namnerevolusjon av opprivande karakter. Stalin og Lenin, Marx og Engels pryda det offentlege rommet, ikkje berre i form av skulpturar, men gater, avenyar, plassar og parkar ja heile byar var oppkalla etter desse heltane, som etter kommunismens fall vart såpass problematiske at spora etter dei måtte fjernast.

Josef Stalin
At Leningrad på ny heiter St. Petersburg, er vel kjent. Mindre kjent for oss er det at Klara Zetkin-Strasse ikkje lenger finst i Berlin. Feministen som grunnla 8. mars er ute av bybildet. Minnetavlekommisjonen i bydelen gjekk inn for å la henne behalde gata si, til minne om det i dag relativt ukontroversielle arbeidet ho la ned for fredssak og kvinnesak; bydelsutvalet meinte det same, men dei sentrale styresmaktene i Berlin hadde det avgjerande ordet. Tunga på vektskåla var ein tale ho heldt i Riksdagen i Berlin i 1932, og som var tydeleg kommunistisk i snittet.

Hårfine grenser

Sånn litt på avstand frå det heile tenkjer eg at Berlin var ein by der sterk retorikk rett og slett var tonen i 1932, og tankane går til ein replikk av Alexander Kielland då han vart skulda for å bruke for krasse ord i sine samfunnskritiske romanar. Han svarte då at når ein ser at huset brenn, så kviskrar ein ikkje, då roper ein så høgt ein kan og risikerer heller at ein har ropt for høgt.

Som kjent brann Riksdagen ikkje lenge etter, og det var ikkje Klara Zetkin som sette fyr. Men grensene mellom rettferd og småleg retthaveri er som kjent hårfine, Zetkin er ikkje lenger verd eit minne i Berlin.

Den revolusjonære pasifisten Karl Liebknecht berga så vidt gata si, fordi han var advokat og dermed tok advokatforeininga i Berlin affære. I Moskva fall Maxim Gorkij for namnekomiteens skarpe øks. Den gamle helten var for problematisk for den nye tida.

Det hjelper å ha vore død

Bynamn er ei følsom sak, og det er forståeleg. Det handlar ikkje berre om at bygningar må ha ei adresse, det står meir på spel. Dei som byter ut namn, tuklar med byens sjel, identitet og historie. For gatenamn er ei historiebok, men altså av det sterkt retusjerte slaget.

Då eg konfronterte ei tysk venninne med denne spesielle forma for byfornying, fekk eg eit raskt og morskt svar: Ville du ha likt å bu i Quislinggata?

Karl Marx
Samanlikninga mellom nazistar og kommunistar får stå for hennar rekning, men eg skjønar poenget og er lykkeleg for at eg bur i ein liten gatestump kalla opp etter ein krigshelt. Ein av dei aller minste, faktisk. Ein liten, heilt uproblematisk helt.

Nei, eg er glad for at eg ikkje bur i Quislinggata, slik eg håpar og trur at det gleda dei tyskarane som budde i Adolf Hitler-strasse at dei fekk ny adresse ganske raskt etter krigen. Det går ei grense for dokumentasjonsiveren, og den grensa har dei altså krangla mykje om i Aust-Europa, ein krangel som faktisk Marx har kome betre ut av enn mange andre. Det hjelper nok å ha vore død lenge. Det har hjelpt både Peter den store og Napoleon også.

Problematisk helt

Problemet med Hamsun er dels at han ikkje har vore død lenge nok, og dels, sjølsagt at han ikkje fekk ei gate allereie før han vart problematisk, då han fekk Nobelprisen i 1920, for eksempel.

Hamsun er ein problematisk helt og han skulle hatt ei gate for lengst. Og kvar gong denne saka er oppe og nokon går mot Knut Hamsunsgate, kjenner eg ei stor uro.

La oss gjere eit tankeeksperiment: Tenk deg at dei som bestemmer slikt i Paris eller London skulle fjerne, ikkje skifte, men fjerne alle skilt som har namn etter problematiske heltar. Då ville det bli vanskeleg å finne fram.

Historia om heltane er også ei historie om løgn og svik og maktkampar og antisemittisme og hor og forsømte barn og neglisjerte foreldre. Og dersom det finst namn det ikkje hefter noko slikt ved så er det fordi alt er gløymt, eller fordi ingen enno har skrive biografien. Den uroa eg kjenner når dette spørsmålet stadig dukkar opp, trur eg handlar om nettopp dette; det er ikkje berre i litteraturen at heltane er problematiske. Og ikkje berre i Aust-Europa heller. For å finne ut kven som fortener ære, må ein derfor ty til nyanseringar.

Symbolsak

Spørsmålet må såleis vere: Har Hamsun gjort noko som er så stort at han fortener ei gate? svaret er definitivt ja. Det finst vesentleg mindre forfattarar enn han som har fått gater, eg skal ikkje nemne namn. Neste spørsmål er: Har Hamsun gjort noko som er så gale at det overskuggar forfattarskapen hans? Svaret er nei. Han mangla politisk gangsyn, der er han i slekt med mange store forfattarar både i samtid og fortid, eg skal framleis avstå frå å nemne namn.

Men sjøl om nazismen er ein ideologi det er både lett og rett å ta avstand frå, må vi ikkje miste alle proporsjonar og bli smålege. Hamsun var ein stor forfattar, men han var ingen stor nazist.

Gatestriden har blitt ei symbolsak for folk som er redde for at vi skal gløyme krigen og indirekte vanære dei ekte, uproblematiske krigsheltane. Med all respekt for standpunktet: Hamsunsgate vil ikkje lokke ungdommen til nazismen, neppe til bokhyllene heller for den saks skuld. Det finst kanskje synder det ikkje er tilgjeving for, Hamsuns nazisympatiar har ikkje eit slikt format. Men diktinga hans har format. Spesielt hans versjonar av historia om det moderne mennesket.

Diktarens gate

For å gjere det heilt tydeleg og ikkje etterlate framtida eit inntrykk av at vi lefla med nazismen i år 2002, så kan gata kallast Diktar Hamsuns gate. Det finst tradisjonar for slikt, vi har både professor Dahls gate, president Harbitz gate og Advokat Dehlis plass frå før, og det finst mange fleire slike gater både i Oslo og andre stader.

Eg veit ikkje om Dahl og Harbitz og Dehli og alle dei andre har fått med tittelen fordi dei hadde laster og lyte som samtida fann problematiske. Men ”diktar” Hamsun er ein så uproblematisk helt at han straks på flekken bør få ei stor og flott gate. Det handlar trass alt om vår identitet og vår historie.


Av Marta Norheim
Lørdag 9. februar 2002
Bearbeidet for nett av Mie Sundberg

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no