Mange av ungdommane har ropt slagord før. Dei var aktive då revolusjonane i den arabiske verda førte til at leiar etter leiar måtte gå.
No er dei her på klimakonferansen i Qatar. Det nye klimanettverket med arabisk ungdom har ein klar beskjed.
– Vår bodskap i Qatar er å vise internasjonale leiarar, og spesielt dei arabiske, at arabiske ungdommar eksisterer. Vi er her for å vise at vi bryr oss om jorda, og vi jobbar hardt for å få desse forhandlingane til å bli tekne seriøst, seier Ali Fakhry frå organisasjonen IndyACT.
Fredag demonstrerte dei på konferansesenteret der klimaforhandlingane pågår i Doha.
Aktivistar frå over 15 arabiske land som Qatar, Mauritania, Marokko, Jordan, Libya, Tunisia, Dei forvenda arabiske emirater, Palestina, Libanon, Irak, Algerie, Sudan, Oman, Egypt og Bahrain jobbar for å få sine eigne leiarar til å redusere klimautslippa innan 2020.
- LES OGSÅ: Solhjell forsiktig optimist før innspurten i Doha
- LES OGSÅ: – Han kommer til å få høre det hvis han svikter
– Dei vil høyre
Utsendingar frå nesten 200 land er samla i Qatar til forhandlingane. Dei har komme til eit land som er i kraftig vekst, eit land som har dei største utsleppa av CO2 pr innbyggjar i heile verda.
Medan Noreg og Brasil har fått å oppdrag å dra i land ein ny avtale, ventar ungdommane utålmodig utanfor møteromma. Det arabiske ungdomsnettverket trur dei skal få gehør hos politikarane.
– Dei vil definitivt høyre etter det som har skjedd, med maktskiftet mellom dei unge og styresmaktene i dei arabiske landa. Stemmene våre vert høyrde, og dei vil høyrast godt i framtida, seier Fahkry.
- LES OGSÅ: Slagplan frå Noreg og Brasil i Doha
- LES OGSÅ: Norge skal lede Kyoto-mekling