Hopp til innhold

– Overraskande møte med Kina under klimaforhandlingane i Doha

Norges miljøvernminister fikk eit overraskande møte med Kinas klimaminister Xie Zhenhua i Qatar onsdag ettermiddag.

Kinas klimaminister Xie Zhenhua og Bård Vegar Solhjell

Kinas klimaminister Xie Zhenhua tok onsdag overraskande kontakt med miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) for å presentere Kinas posisjon under klimaforhandlingane i Doha.

Foto: Jon Berg / Miljøverndepartementet / NTB scanpix

Eivind Molde i Doha

Onsdag ettermiddag tok Kinas klimaminister Xie Zhenhua kontakt med Bård Vegar Solhjell for å presentere Kinas posisjon under klimaforhandlingane i Doha. Dei to møttest i ein halv time.

– Initiativet frå Kina kom heilt overraskande, seier Solhjell.

Kinesarane har som kjent hatt eit kjølig forhold til Noreg etter at dissidenten Liu Xiaobo blei tildelt fredsprisen i 2010.

Solhjell kan ikkje seie om møtet skal tolkast som eit teikn på at Kina er i ferd med å mjuke opp haldninga til Noreg, eller om møtet berre hadde som mål å tale Kinas sak under forhandlingane.

– Kina er eit land som er opptekne av resultat. Det er eit stort og tungt land som reknar med å bli lytta til, seier Solhjell.

– Kina må med

Under møtet snakka dei to også om klimafinansiering og utsiktene til ein meir omfattande avtale der Kina er med, ifølgje Solhjell.

– Det var eg som tok opp behovet for ein større avtale med Kina. Det er heilt nødvendig med ein avtale som inkluderer både land som Kina og India, samt USA, for å nå måla om utslippskutt, seier Solhjell.

Eit viktig mål med Doha-møtet er å leggje grunnlaget for ein ny, internasjonal klimaavtale som etter planen skal vedtakast i 2015. Fram til då, skal ein ny Kyoto-avtale gjelde.

Forslag om avtaletekst

Solhjell og Figueiredo

Miljøvernminister Bård Vegard Solhjell og Brasils klimaminister Luiz Alberto Figueiredo (t.v.) har fått i oppdrag å prøve å mekle fram ein ny Kyoto-avtale.

Foto: Henrik Harboe, Miljøverndepartementet / NTB scanpix

Noreg og Brasil startar i morgon tidleg reelle forhandlingar for å prøve å komme fram til semje om ein ny Kyoto-avtale under FNs klimakonferanse i Qatar.

Etter ein dag med sonderingar er miljøvernministeren kommen litt nærare ei løysing.

Etter at Brasil og Noreg fekk ansvaret for å leie forhandlingane om Kyoto-avtalen, har det vore sonderingar i løpet av dagen.

I ettermiddag skulle sekretariatet for klimakonferansen leggje fram eit forslag til avtaletekst.

Svært mykje er framleis uklart, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell til NRK onsdag ettermiddag.

Les også: Tøff innspurt i klimaforhandlingane

Idear om løysing

– Har sonderingane gitt konkrete resultat?

– Eg vil seie at eg no har fått eit langt betre bilete av kva dei ulike synspunkta er. Eg har også ein del idear om kvar mogelege løysingar kan liggje. Men det står att ein god del, legg han til.

Vertskapet for klimakonferansen annonserte onsdag ettermiddag at forhandlingane om Kyoto-avtalen no går inn i ein ny fase. Sonderingane blir avløyste av reelle forhandlingar.

Frå torsdag morgon vil Solhjell og hans kollega frå Brasil kalle inn land for land til forhandlingar der dei punkt for punkt vil gå gjennom dei viktige og vanskelege spørsmåla.

Les: Norge skal lede Kyoto-mekling i Doha
Les også: – «Kyoto Pluss» kan bli løsningen

Ministrane rundt bordet

– Det er først når ministrane sjølve sit rundt bordet at ein kan finne løysningar. Med ministrane på plass vil vi i større grad vil kunne sjå på pakken av uløyste saker i samanheng. Då er det lettare å finne kompromiss som alle kan leve med.

Solhjell har tidlegare sagt at Doha-møtet blir ein fiasko dersom ein ikkje blir samde om å forlengje Kyoto-avtalen. Dette er den einaste bindande avtalen om kutt i utslepp av klimagassar.

– Har du forventing om framgang?

– Erfaringsmessig kan slik ta lang tid, så vi rekne med at det går både fleire dagar og netter.