Solheim trur på svak Durban-avtale

Klimaforhandlingane held fram på overtid i Durban i Sør-Afrika i dag. Miljøvernminister Erik Solheim reknar at det blir semje om ein avtale.
Publisert 10.12.2011 14:49.
- Skriv ut
– Men avtalen er for svak, og det vil nok skape frustrasjon i nesten alle utviklingsland og i Europa, seier Solheim.
Eit hovudspørsmål i dag er om dei tre største utsleppslanda, Kina, India og USA, vil gå med på eit sluttdokument med ein nye avtale i 2015 som mål.
I går kveld enda samtalane nesten med brot på grunn av sterk usemje.






