Hopp til innhold

- Eg er fandenivaldsk

Eit lite knippe land gjorde alt dei kunne for å spolere klimaforhandlingane i København, seier ein irritert miljøminister, Erik Solheim.

Video nsps_upload_2009_12_19_13_55_26_1923.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Vi hadde forventa meir i København. Reporter: Fredrik Solvang. Foto: Gunnar Sakshaug.

Statsminister Jens Stoltenberg og miljøminister Erik Solheim er tilbake i Oslo etter klimatoppmøtet i København. Ingen av dei er spesielt nøgde med avtala statsleiarane kom fram til under konferansen.

- Eg er litt fandenivaldsk, vi hadde forventa meir i København. På den andre sida var dette ei unik historisk hending om eit svært avgjerande spørsmål, seier Solheim.

LES: Einige om utvatna klimaavtale

Han påpeikar at avtala er ikkje er god nok, men at det er mykje betre å ta eit skritt fram enn å ta to skritt tilbake.

Kjeppar i hjula

Miljøministeren fortel at ein er einig om viktige tiltak knytt til bevaring av regnskogen, og at store pengar er sett av til klimatiltak i fattige land, men er irritert over at enkelte land skikka seg dårlig under konferansen.

LES: Rasende u-land truer klimaavtalen

- Nokre få land har gjort mest mogleg for å spolere konferansen, og her vil eg nemne namn. Saudi Arabia, Venezuela og Sudan har gjort alt dei kan for å stikke kjeppar i hjula for å få til ein god dialog.

Video nsps_upload_2009_12_19_13_40_49_1921.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Stoltenbergs reaksjon. Reporter: Fredrik Solvang. Foto: Gunnar Sakshaug.

Kina har fått mykje kritikk for ikkje å ta nok ansvar for miljøet, men verken Stoltenberg eller Solheim vil plukke ut ein miljøsyndebukk.

- Vi skal vere varsam med å peike ut ein versting, men Kina er det landet i verda som har dei største utsleppa. Dei gjekk i mot eit forslag om 50 prosent utsleppskutt innan 2050, og det burde vi verkeleg fått igjennom, seier Stoltenberg.

- Det dummaste vi gjer no, er at vesten legg skulda på Kina, samtidig som den tredje verda skuldar på USA. Verken USA eller Kina strekte seg langt nok, men vi må forvente at begge landa følgjer opp utsegn om at dei vil gjere meir i åra som kjem, meiner Solheim.

Skikkeleg sirkus

Den danske forhandlingsleiinga får kritikk for møteleiinga i København, men Stoltenberg støttar ikkje kritikken.

- Danskane har hatt ein veldig vanskeleg jobb. Dette handlar om tung politikk, store pengar og store motsetningar. Hovudproblemet er ikkje møteleiinga, men at det er svært vanskeleg å skape tillit mellom rike og fattige land, seier han.

Solheim vedgår at han er litt skuffa over resultatet, men svartmalar ikkje situasjonen.

- Når ein står midt oppe i eit slikt sirkus som det var i København, er det ikkje lett å vite korleis ein vil sjå på dette møtet i framtida. Det er avhengig av kva statsleiarane gjer dei neste åra. Om fem eller ti år er det mogleg ein vil slå fast at dette var det store gjennombrotet for klimapolitikken i verda, men det motsette er også mogleg.

LES: Dette er klimaforhandlingene 2009