Hopp til innhold

Fakta om konservatismen

Konservatismen er ikkje ein politisk ideologi på same måten som til dømes liberalismen eller sosialismen.

Religion og tradisjon er viktig for konservative

Det er først og fremst ei livshaldning som vil bevare og byggje vidare på nedarva verdiar, og stiller seg avvisande til endringar som kan øydeleggje desse.

Konservatismen som politisk ideologi er ikkje eit fasttømra og konstant system av politiske doktrinar, men opptrer i ulike variantar, både når det gjeld innhald og bruk av begrep.

Konservatismen i Noreg og land som liknar på oss legg særleg vekt på personleg fridom, rettstryggleik og stabilitet i samfunnet, i pakt med dei "kristne og nasjonale grunnverdiane".

Konservative tek utgangspunktet sitt i respekten for tradisjon, for den visdom og kunnskap som ligg i nedarva tru og tenkjemåte, sed og skikk, lover og institusjonar.

Alt dette har skapt nasjonen si livsform og gitt samfunnet eit varig verdigrunnlag. Alle reformar må innførast gradvis og forsiktig, og må tuftast i det eksisterande settet av verdiar.

Tradisjon er viktig for dei konservative.

Konservatismen tek avstand frå alle revolusjonære ideologiar, og har sterk mistru til til abstrakte politiske doktrinar som blir påstått å vere allmenngyldige.

I motsetnad til liberalismen til konservatismen ha ein sterk stat, som også kan gripe aktivt inn i det økonomiske lliv. Men i motsetnad til sosialismen vil konservatismen ha klare grenser for staten si makt.

Konservatisme som moderne politisk ideologi oppstod først i tida rundt den franske revolusjon, med Edmund Burke som den førande. Han meinte den franske revolusjonen var eit opprør mot samfunnsorden og tradisjon, på basis av snevre, abstrakte doktrinar.

Ideane hans vart vidareførde i Storbritannia av Samuel Taylor Colerigde, Matthew Arnold, John Henry Newman og Benjamin Disraeli.

Høgre har vore eit konservativt parti i Noreg, men har teke opp i seg også mykje frå liberalismen og sosialliberalismen. Også Framstegspartiet er på fleire felt konservativt, sjølv om dette partiet også har henta inn tankegods frå andre retningar.

Også KrF har konservative element i seg, men er nok i dag først og fremst eit sosialliberalt parti.

Høyr: Er ideologiane døde i Verdibørsen

Høyr meir om konservatismen i Verdibørsen

AKTUELT NÅ