Talet på privatskulelevar har auka

Illustrasjonsfoto skuleelevar.
Foto: Destoc/PHOTOPQR/LE TELEGRAMMEDei raudgrøne skulle stanse privatiseringseksperimentet til Høgre. I staden har talet på privatskuleelevar auka.
Publisert 10.09.2009 05:00. Oppdatert 10.09.2009 09:03.
- Skriv ut
På den katolske privatskulen St. Sunniva i Oslo øver elevar frå ulike klassetrinn og med ulik etnisk bakgrunn på fløytespel.
Trass i at dei raudgrøne skulle stanse det dei kalla Høgre sitt gigantiske privatiseringseksperiment, aukar talet på privatskuleelevar. I vidaregåande skule er auken på 4000 elevar, eller 50 prosent:
- Forskjellane aukar
Friskuler versus privatskuler
Friskule er eit norsk ord som blei nytta (2003–2007) om privatskuler som blei drive etter den såkalla friskulelova. Friskulene var privateigde,til dømes organisert som stiftingar. Staten bidrog likevel med eit betydelig tilskot til drifta. Dette skilde dei frå andre typar privatskuler.
(Kjelde: Wikipedia)
- Det er stort sett Montesorriskular, Steinerskular, internasjonale skular og idrettsgymnas som aukar. Det er privatskular eg synest er viktige, og som gjer ein viktig jobb i tillegg til det offentlege tilbodet, seier barneminister Anniken Huitfeldt.
Huitfeldt har gjennom valkampen vore i debatt med tidlegare skuleminister Kristin Clemet.
Huitfeldt meiner forskjellane aukar med privatskular, Clemet meiner det blir meir mangfald og viser til St Sunniva. Der har rektor Geir Erik Moen ansvaret for elevar med svært ulik bakgrunn:
- Vi snakkar vel eit førtitals språk her, tenkjer eg. Vi har 60-65 prosent elevar som har såkalla minorotetsbakgrunn. Det er eit veldig mangfald her, seier Moen.
Tåkelegging
Dei raudgrøne oppheva friskulelova og snakkar utelukkande om private skular.
Men det er forskjell mellom reine privatskular og såkalla friskular under statleg kontroll med statleg støtte, meiner Clemet. Bruken av ordet privat er tåkelegging av debatten, seier ho og vil ha friskulelova tilbake.
- Tolka i beste meining er vi redde for at lommeboka skal avgjere om vi får ei god utdanning. Men det er difor vi har friskulelova. Eg synest det er tilslørande å late som at ein friskule er ein ekte privatskule, for det er det ikkje, seier Clemet.
- Eg ønskjer ikkje eit frislepp av privatskular, slik den førre regjeringa gjennomførte, seier Huitfeldt.
Les
Skole
- – Nynorsk er ikkje for vanskeleg
- Vurderer å kutte i sidemål
- Mange misfornøyd med yrkesskolene
- – Skolene kan ikke løse dette alene
- Bjerke-elevene er sinte
- – Vi sorterer ikke unge i grupper
- Stopper inndeling etter etnisitet
- Deler inn elevene etter etnisitet
- – Gode lærere handler om mer enn IQ
- – Må bli mer attraktivt å bli lærer
- Norske lærere mindre intelligente
Stortingsvalget 2009
- Stortingsmandater på vandring
- Kongen åpnet det 155. storting
- OSSE kritisk til norsk valgordning
- PølseHanssen blir PR-mann
- Store forventninger til Kristin
- Beskyldte Stoltenberg for løgn
- Trist at kontantstøtten forsvinner
- – Helga Pedersen ut av regjeringen
- Regjeringen utsetter oljeavgjørelse
- Mo vil til bunns i valgkaoset
- Stenger nettside med valgresultat
10 siste valg
- Halvorsen blir kunnskapsminister
- - Regjeringen bløffer om tannhelse
- Store ord og lite handling om miljø
- Skuffet over rovviltpolitikken
- – Helga Pedersen ut av regjeringen
- Mo vil til bunns i valgkaoset
- Stenger nettside med valgresultat
- Lars Sponheims advarsel til Høyre
- Halvorsen: -Visste hva som foregikk
- Husker du disse statsrådene?







