Før helga kom meiningsmålinga som syner at
Valforskar Marcus Buck ved Universitetet i Tromsø forklarer den auka oppslutninga med at
Frp går blant anna inn for leggje ned Sametinget.
Buck understrekar at det er
, men seier oppslutninga om Frp seier sitt om korleis debatten om rettar i Finnmark har vorte oppfatta av veljarane i fylket.Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen er ikkje så viss på at valresultatet i Finnmark vil verte mørkeblått.
- Vi skal vere svært varsame med å tilleggje ei enkelt meiningsmåling for mykje vekt. Ei anna meiningsmåling førre veke, synte jo at 54 prosent av folk i nord ønskjer ei raudgrøn regjering.
Les også:
- Det er framleis ein månad att til valet og vi vil jobbe svært hardt for å vinne. Finnmark vil tape stort på eit marknadsliberalistisk eksperiment som det Frp vil gjennomføre. Dette vil føre til at ressursar og fokus vert flytta vekk frå fylket, meiner ho.
- Folk er fly forbanna
Ansvarleg redaktør Hans Kristian Amundsen i avisa Nordlys ser det derimot som truleg at Frp kan kome til å verte det største partiet i Finnmark på valdagen.
I ein leiarartikkel i dagens avis skriv han at bakteppet for dette sinnet er debatten om Finnmarksloven, men at det var eit krav om "indre sjølvstyre" i samband med Arbeidarpartiet sitt programarbeid i fylket som for alvor utløyste raseriet.
- Dette gjev folk assosiasjonar til reell lausriving og statsdanning. I tillegg kom striden om den nye minerallova, der Sametinget trua med å gå imot regjeringa og Stortinget og innføre ei eiga urfolksavgift, seier han.
Skuldar på Arbeidarpartiet
Han meiner difor Sametinget sjølv, og særleg Arbeidarpartiet si sametingsgruppe, må ta mykje av ansvaret for at veljarane no ser mot Frp.
- I sum fører dette til frykt for at tonegjevande samiske Ap-politikarar flørtar med tanken om lausriving og statsdanning. Sakleg sett er det ikkje grunnlag for slik frykt. Likevel skjønar vi folk svært gode. Det Ap-styrte Sametinget har takla desse sakene maksimalt uheldig, meiner han.
Helga Pedersen ser problemet og vedgår at også ho har lete seg provosere av framferda til Sametinget.
- Krava er uaktuelle
- Vi har gjort det heilt klart at krava frå Sametinget, både når det gjeld sjølvstyre og minerallova, er heilt uaktuelle, seier Helga Pedersen.
- Frp har likevel greidd å setje dagsorden i denne saka. Har de vore for lite synlege?
- Eg trur som sagt vi skal vere varsame med å trekkje bastante slutningar ut frå ei enkelt meiningsmåling, seier Pedersen.
- Kunstig konflikt
SVs fyrstekandidat i Finnmark, Kirsti Bergstø, meiner Frp har piska opp konfliktnivået i fylket meir enn det er grunnlag for.
- Eg deler irritasjonen over at enkeltpersonar tek seg til rette, men det er noko heilt anna enn å gå til åtak på dei samiske rettane. Ein må skilje mellom handlinga til nokre få personar og det som er rettane til fleire.
- Burde ikkje SV ha vore tydelegare til stades i denne debatten, når det er så openbert at denne engasjerer folk så sterkt?
- Vi har vore tydelege på at Sametinget er og skal vere eit rådgjevande organ, seier Bergstø.
- Har avliva mytane
Leiaren i Finnmark Frp og andrekandidat til stortingsvalet, Laila Davidsen, meiner framgangen til partiet skuldast meir enn misnøya mot Sametinget.
- Vi har lukkast i å forklare politikken vår for veljarane. Dei andre partia skuldar oss for å ville rasere Finnmark ved å kutt overføringane. Slike mytane har vi greidd å avlive, seier ho.