SV og Arbeidarpartiet sine heimesider jublar etter gode valresultat. Høgre og KrF, derimot, har ikkje oppdatert sidene sine med ein einaste kommentar etter valet.
SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
Av
Kjetil Malkenes Hovland
SV feirar det gode valresultatet sitt med overskrifta ”Kjempevalg for SV!” Partiet ligg an til å få 13,1 prosent av stemmene, det beste valet deira nokosinne.
Mellom anna jublar SV over 20 prosent i Oslo og dobla oppslutnad i Stavanger, Kristiansand, Tromsø og Trondheim.
|
SV har omfattande dekning av valet på sine heimesider. |
SV har ei omfattande dekning av valet på sine heimesider, og tilbyr også ekstratenester til sine eigne. Mange SV-arar må nemleg ut og forhandle etter valet, og SV har difor sett opp sitt eige ekspertpanel som lokalpolitikarane kan sende inn spørsmål til tysdag kveld.
Ap er også oppdatert
Også Arbeidarpartiet har vel-oppdaterte heimesider etter valet. Under overskrifta ”Kraftig Ap-framgang”, slår partiet fast at Vardø er ein av dei kommunane der dei går mest fram. Her aukar Ap med 26,4 prosent til 65,2 prosent.
Under overskrifta ”Rita vant Trondheim” gler Ap seg over at Rita Ottervik vert ordførar i Trondheim etter Høgre si Anne Kathrine Slungård.
Ap gler seg også over å vere størst i Oslo, og over at partiet kan klare å halde på makta i Bergen, medan både Herman Kristoffersen i Tromsø og Odd-Tore Fygle i Bodø held fram.
Siterer NRK og avisene
På FrP sine heimesider er det lagt ut lenke til VG-oppslaget ”Hagens jubelnatt”. Tysdag morgon gler partiet seg særleg over at dei er eit par hundre stemmer større enn Høgre ved fylkestingsvalet. FrP-sidene er fylt med lenker til NRK og diverse aviser.
FrP gler seg over fleire ordførarplassar på heimesidene sine. Knut Magne Flølo vann det direkte ordførervalet i Vestnes kommune, og i Ørsta vert Hans Olav Myklebust frå Framstegspartiet ny ordførar etter Nils Taklo frå Senterpartiet. John Karlsen kan bli FrP-ordførar i Nordreisa, etter hundre år med sosialistisk styre. Per Hotvedt Nilsen krev ordførarkjedet på Tjøme, med 33 prosent av røystene i ryggen.
|
Tysdag føremiddag var KrF sine sider oppdaterte med valresultat, men ingen kommentarar, og slett ingen jubel. |
FrP sine heimesider fortel også at FrP var misnøgde med resultatet i Bergen, og at førstekandidat Liv Røssland varslar «det komplette kaos».
Partileiar-sitat frå NTB
Tysdag føremiddag har Senterpartiet berre ei lita sak om valet på sine heimesider, trass i eit godt valresultat.
Overskrifta ”- Jubel i Senterpartiet” seier det meste om Sp sitt syn på valresultatet. Heimesidene skildrar stemninga på valvaka i Oslo, og at jubelen stod i taket då partiet låg an til å få åtte prosent samla.
Men når Sp sine heimesider siterer sin eigen partileiar, er sitatet henta frå NTB. "- Jeg er overveldet og tør nesten ikke å tro på et så godt resultat, sa senterpartileder Åslaug Haga. - Og nå vender vi blikket mot stortingsvalget i 2005, sa en optimistisk Haga til NTB."
Labert Høgre, KrF og Venstre
Då vi sjekka Høgre sine nettsider klokka 11 på føremiddagen tysdag, hadde partiet ikkje ein einaste kommentar til valresultatet.
Hovudsaka på Høgre-sidene var eit intervju med Jan Petersen frå valdagen måndag, med tittelen ”Derfor bør du stemme Høyre”.
|
Tysdag føremiddag hadde Høgre ikkje oppdatert sine nettsider etter valet. |
Lenger nede på sida låg det ei sak om at reklamebyrået Geelmuyden.Kiese har kåra Høgre til vinnaren av valkampen. Noko som tydelegvis hjalp lite på resultatet for Jan Petersen & co.
KrF har ikkje oppdatert
Heller ikkje på KrF sine heimesider var det nokon kommentar til valet då vi sjekka tysdag føremiddag.
Den siste saka som er lagt ut, er ei lenke til eit intervju frå Dagsavisen, der statsminister Kjell Magne Bondevik seier at lokalvalet er viktig.
Det einaste KrF sine sider seier om valresultatet, blir sagt gjennom ei lenke til kommunaldepartementet sine valresultat-sider. Lenka førte oss til eit søylediagram som fastslo dei sørgjelege fakta for KrF: At partiet ligg nede i høve til førre val.
Venstre sine heimesider var dei som var aller dårlegast oppdaterte. Der var toppsaka frå laurdag, med tittelen ”- Mer makt til deg som borger”. Den saka var basert på Lars Sponheim sine utsegner i partileiardebatten på NRK fredag kveld.