OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner Valg 2001 Kommentarer 2

Her er du: NRK > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2001 > Kommentarer

Oppdatert 05.09.2001 01:38

NYHETER
Innenriks
Utenriks
Økonomi
Kultur

Sport
Distrikt

Bakgrunn
Magasinet

Siste 48 timer
Sendinger

Trafikk
Vær
 
VALG 2001

Valg 2001
 

Kan gasskraft hjelpe sentrum?

Publisert 04.09.2001 19:15 - Oppdatert 05.09.2001 01:38

Sentrumspartia prøver å vinne merksemd i valkampinnspurten med plan for reine gasskraftverk. Det er fleire grunnar til det.

Av politisk medarbeider Bjørn Bø - kommentar.

Det går ikkje strålande for sentrumspartia på meiningsmålingane.

Og Kjell Magne Bondevik har vore under hardt press for å forklare korleis han eventuelt kan gå inn i ei ny regjering - og dermed administrere eit land der det blir bygt det han kallar sterkt ureinande gasskraftverk.

Det var som alle veit gasskraftverksaka Bondevikregjeringa gjekk av på.

Makt og prinsipp

No kjem altså sentrumspartia med ein vri som dei hevdar skal gjera det uinteressant økonomisk å byggje slike kraftverk.

Men førbels ventar utbyggjarane av vårt tredje gasskraftverk, i Skogn, på at klagen over deira utsleppsløyve skal handsamast. Dette kan ei ny regjering måtte ta stilling til alt i haust.

Med andre ord: Problemet eller dilemmaet mellom eventuell makt og eventuelle prinsipp i denne saka er ikkje utan vidare borte.

Sentrums sjansar

Kanskje kan sentrumspartia tene på litt miljømerksemd i slutten av valkampen, om dei no får den merksemda.

Både Senterpartiet og Venstre treng all den merksemd dei kan få akkurat no. Og utsiktene til å få til ei sentrumsregjering, er små.

Velviljug kan ein seie at sjansen aukar dersom Arbeidarpartiet gjer eit så dårleg val at partiet kastar korta, at sentrum får ein kraftig oppsving og at Høgre gjer det mykje dårlegare ved valet enn det ser ut til no.

At alt dette skal skje samstundes, er lite truleg.

Innbyrdes gnaging?

Sentrumsleiaranes felles pressekonferanse i dag framsto som ein slags bergingsaksjon for Venstres miljøprofil og for Bondeviks truverde som statsministerkandidat for sentrum.

Senterpartileiar Odd Roger Enoksen hadde fått utdelt ei slags statistrolle. Enig i hovudsaka - om gasskrafta.

Men fyrst og fremst verka det som hans oppgåve var å forklare at Senterpartiet står fast på sentrumsalternativet, og at det er uaktuelt for Senterpartiet å gå inn i noka som helst anna regjering.

Slett ikkje med Høgre - og ikkje med Arbeidarpartiet.

Det verka som det var viktig etter det som dei siste dagane har vore oppfatta av nokon som ei slags lefling med Arbeidarpartiet.

Senterpartiet må berre sjå på at både Bondevik og Sponheim har sin eigen plan B om å regjere saman med Høgre. Det er ingen sundagsskule i sentrum heller.

(NRK)

SE OGSÅ:
  • Gass skal redde sentrum 



  • Kommentarer
    Kladdeføre for Arbeidarpartiet (23.08.2001)
    Høgre for tidleg i form? (16.08.2001)


     
     
    SØK

    10 SISTE NYHETER

    Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 12:31