OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner Valg 2001 Kommentarer 2

Her er du: NRK > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2001 > Kommentarer

Oppdatert 05.09.2001 01:38

NYHETER
Innenriks
Utenriks
Økonomi
Kultur

Sport
Distrikt

Bakgrunn
Magasinet

Siste 48 timer
Sendinger

Trafikk
Vær
 
VALG 2001

Valg 2001
 

Kladdeføre for Arbeidarpartiet

Publisert 23.08.2001 12:50

Dagens meiningsmåling for NRK og Dagbladet frå MMI syner ingen lett veg framover for Arbeidarpartiet. Oppsvinget dei siste 10 dagane ser ut til å ha stansa opp, sjølv om nivået på 26,2 prosent er høgare enn før sumaren.

Av Bjørn Bø

Den klåre oppgangen for Arbeidarpartiet og den enno klårare nedgangen for Høgre for ei veke sidan, har stansa opp. Då var dei to partia om lag like store. Det er situasjonen også no.

Desse tala gjev ikkje Arbeidarpartiet gratisbillett til å halde på regjeringsmakta. Tvert imot stadfester målinga at situasjonen i valkampen er svært spanande. Ja, det er ein "rysare" for nervøse hovudaktørar. Valkampen står og vippar etter utjamninga mellom Høgre og Arbeidarpartiet.

Nye forskuvingar?

Bakgrunnstala kan tyde på at Arbeidarpartiet har henta heim nokre av sine lågtlønde kjerneveljarar i offentleg sektor. Men verknaden er ikkje stor.

Høgre har på si side på denne målinga stansa nedturen, men det er vanskeleg å sjå spesielle hendingar i valkampen som
forklarer dette. Men det er ikkje lett å spå om dei store bylgjene som går mellom veljarane. Me kan godt få nye store forskuvingar mellom partia fram mot valet. Med nær ein tredel av veljarane "på gjerdet", er det mest som å vente på ny lotto-trekkjing.

Sentrum og FRP

På denne siste målinga er Kristeleg Folkeparti litt større enn Framstegspartiet. Men Kjell Magne Bondeviks sentrumsalternativ står veikt på grunn av ny dårleg måling både for Senterpartiet og Venstre.

Kristeleg Folkeparti har likevel ei nykelrolle når spørsmålet om grunnlag for regjeringsskifte kjem opp etter valet.

Me må minnast at det same gjeld FRP. Det er ikkje FRP som samlar protesten mot det rådande styret akurat no. Carl I. Hagens parti lid framleis av skadene etter partitumultane sist vinter.

Men Hagen kan sjølvsagt finne ei nisje til å vinne framgang
når kronrpinsbrylluppet er over. Og i alle fall vil partiet ha ei rolle som naudsynt grunnlag for eit eventuelt regjeringsskifte etter valet.

Hagen er der, sjølv om både Jan Petersen og Kjell Magne Bondevik prøver å setje skylapp på i den retninga.

Bastesen i nord

Ei meiningsmåling for NRK i dei tre nordlegaste fylka syner at Arbeidarpartiet har dårlegare tillit i nord enn på riksplan. Dette har vart lenge, med store protestbylgjer det siste året.

I fjor hadde Framstegspartiet 30-40 prosent oppslutnad
på einskilde målingar i landsdelen. Seinare har Høgre fått ein oppsving, og no sopar Stenar Bastesen inn sin del av protesten, med opp mot 10 prosent i Nordland.

Oppdrettskonsesjonane til Nord-Noreg, som regjeringa
så gavmildt delte ut i førre veka, ser ikkje ut til å ha
imponert med positiv verknad for oppslutnaden om
Arbeidarpartiet.

At Bastesen og hans flokk gjer livet surt også for
Senterpartiet i nord, høyrer også med i biletet.

Likevel: Det er i dei folkerikare distrikta lenger sør
det store slaget om regjeringsmakta kjem til å stå.

(NRK)


 
 
SØK

10 SISTE NYHETER

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 11:03