OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Gjestene

Her er du: NRK > Nyheter > Innenriks > Kongehuset > Kronprinsbryllupet > Gjestene

Oppdatert 25.08.2001 23:23

Bryllupet
Brudeparet
Send inn din hilsen
Monogram 100
 
 SEND DIN HILSEN KONKURRANSER DEBATT

Kongelege gjestar

Publisert 25.07.2001 10:54 - Oppdatert 25.07.2001 15:03

Kven kjem til bryllaupsfeiringa? Her er lista over dei kongelege som har takka jo til no.


Prins Joachim og prinsesse Alexandra av Danmark. Foto: Scanpix

Danmark

Danmark stiller med flest kongelege gjestar i bryllaupet. Til no har heile tolv kongelege frå Danmark takka ja til invitasjonen.

Dronning Margrethe kjem til Oslo saman med kronprins Fredrik, prins Joachim og prinsesse Alexandra. Dei to sistenemnte kjem ikkje til å vere til stade på sjølve bryllaupsfesten, men er i Oslo 23. og 24. august.

Frå Danmark kjem òg prinsesse Benedikte, prins Richard og prinsesse Alexandra, grev Jefferson-Friedrich, prins Gustav og prinsesse Nathalie. Grev Flemming og grevinne Ruth av Rosenborg har òg takka ja til invitasjonen

Sverige

Det siste skandinaviske kongehuset stillar òg med mange gjestar. Kungen og drotningen tek med seg heile sju andre frå den svenske kongefamilien.

Den svenske kongefamilien
Kong Carl Gustaf og dronning Silvia kjem saman med barna kronprinsesse Victoria, prins Carl Philip og prinsesse Madeleine.

Broren til kronprinsesse Märthas, Carl Bernadotte, kjem til Oslo saman med Kristine Bernadotte og Nicolas og Madeleine Kogevinas.

Kronprins Philippe og prinsesse Mathilde av Belgia under bryllaupet deira i 1999. Foto: Scanpix

Belgia

Frå Belgia kjem kong Albert og dronning Paola saman med prins Philippe og prinsesse Mathilde.

Nederland

Det fyrste kongelege bryllaupet i år var i Nederland. Prins Constantijn gifta seg med Laurentien Brinckhorst i mai. I bryllaupet fekk Mette-Marit høve til å møte mange av dei europeiske kongelege.

Maxima Zorreguitas og henens forlovede, den nederlandske kronprinsen, Willem Alexander, med Mette-Marit og Haakon bak. Bildet er tatt under bryllupet til Willem-Alexanders bror, prins Constantijn, i Haag i mai.
Kronprins Willem-Alexander kjem til bryllaupet saman med Maxima Zorreguieta. Maxima er dotter av ein tidlegare argentinsk statsråd og er trulova med kronprinsen. Saman med det nederlandske kronprinsparet kjem òg prins Constantijn og prinsesse Laurentien.

Ólafur Ragnar Grímsson, president på Island

Island

Frå Island kjem president Ólafur Ragnar Grímsson saman med kona Dorrit Moussaieff.

Tarja Halonen. Foto: NRK

Finland

Finland stillar òg med presidentutsending til bryllaupet. President Tarja Halonen kjem saman med sin mann Pentti Arajärvi.



Gjestene
Sannum tok bussen (23.08.2001)
Prinsessene har landet (23.08.2001)
De unge kommer i morgen (22.08.2001)
Kronprins Felipe er kommet (22.08.2001)
Hjemmesydd kjole (20.08.2001)
Felipe først til festen (20.08.2001)
Ung brevskriver ble bryllupsgjest (16.08.2001)
Avbud fra Per Borten (15.08.2001)
Tollere og syndere i prinsebryllup (11.08.2001)
Politiet ber om 8,4 millioner (07.08.2001)
Gjestelisten er helt klar (06.08.2001)
Kronprins Felipe og dronning Sofia kommer til bryllupet (31.07.2001)
Gallamiddag for fiffen? (25.07.2001)
Homofile vil på fest (25.07.2001)
Prins Charles kommer  (25.07.2001)
Kjendismiddag med regjeringen (25.07.2001)
Nyhetsarkiv (09.07.2001)
Gjestelista snart klar (09.07.2001)


Konkurranse Gratulasjon Bakgrunn

Tegnekonkurranse

Kle deg ut

Vær med på hele Norges gratulasjon til Haakon og Mette-Marit. Send inn din hilsen i dag.

Oppdaterte nyheter

Brudeparet

Monarkiet


 
 
SØK

Kjøp bryllupsvideo/DVD
Se bryllupsbyen direkte
Diskuter kronprinsbryllupet
Spør Anne
Danseskolen
Tegnekonkurransen
10 SISTE GJESTENE
25.08.2001 18:23
Kongelige gallakjoler
25.08.2001 17:02
Marius i kjole og hvitt
25.08.2001 13:26
Prinsefly punkterte
23.08.2001 18:16
Sannum tok bussen
23.08.2001 18:11
Prinsessene har landet
22.08.2001 16:53
De unge kommer i morgen
21.08.2001 18:31
Gjestelista er klar

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 07:11