OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
Her er du: NRK > Nyheter > Innenriks > Kongehuset > Kronprinsbryllupet > Bryllupsnytt | Oppdatert 04.03.2002 13:30 |
|
Folkemengda uroar politiet Publisert 24.08.2001 06:53 - Oppdatert 24.08.2001 11:23 Tryggleiken til dei mange tusen som er venta inn til sentrum av Oslo i samband med bryllaupet i morgon uroar politiet. Størst er frykta for at folkemassar skal bli trykte opp mot sperringane på Karl Johan.Det er venta fleire at fleire tusen menneske vil kome til Oslo sentrum i morgon. I kveld blir det sett opp sperringar langs heile Karl Johan, og stabsjefen i Oslo-politiet seier at ei av dei viktigaste oppgåvene deira blir å hindre at nokon skal bli skadd dersom det oppstår trengsel ved sperringane. Meir enn 1000 politifolk blir ute i gatene i samband med kronprinsbryllaupet. Politiet er usikre på kor mange menneske som vil trekkje ned mot bysentrum under bryllaupet. Sist det var kongeleg bryllaup i Noreg, då det noverande kongeparet gifta seg i 1968, heldt dei fleste seg framfor fjernsynet. Men dette var i ei tid då var fjernsynet forholdsvis nytt i Noreg. No kan det vere meir attraktivt for dei som bur i nærleiken av Oslo å møte fram for å følgje den historiske hendinga i levande live. Oslo-politiet trur likevel dei er godt førebudde til å ta vare på tryggleiken til både dei kongelege, gjestane og publikum i Oslo sentrum.
|
26.10.2004 13:39 Vil verne vassdrag 16.09.2001 11:13 Kronprinsparet tilbake i Norge 28.08.2001 23:33 Landet i Big Apple 28.08.2001 17:22 På vei til New York 28.08.2001 13:09 Kronprinsparet i Düsseldorf 27.08.2001 16:55 Kronprinsparet snek seg i land i Aalborg 27.08.2001 08:15 Forlot kongeskipet 26.08.2001 09:31 Bryllupsnatt på kongeskipet 25.08.2001 21:39 Satset alt på kjærligheten 25.08.2001 17:21 -Endelig er dagen kommet |
Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 12.12.2008 15:27 |