OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
Her er du: NRK > Nyheter > Innenriks > Kongehuset > Kronprinsbryllupet > Bryllupsnytt | Oppdatert 04.03.2002 13:30 |
|
Ny kjøkkenskandale Publisert 02.08.2001 11:18 - Oppdatert 03.08.2001 12:41 Korkje kjøkkenet på Slottet eller kjøkkenet på Akershus driv lovleg. No skapar det problem for regjeringsmiddagen.
– Vi held oss til lova og stengjer kjøkkenet, seier plasskommandant Bjørn Nordtømme på Akershus Slott til Dagbladet. 6. juni i år var Næringsmiddeltilsynet ut på inspeksjon på Akershus Slott. Etter kontrollen vart det klart at kjøkkenet manglar internkontrollsystemet alle serveringsstader skal ha. – Verksemda har ikkje godkjenningsprov, seier byveterinær Reidar Skjelkvåle ved Helsevernetaten i Oslo kommune til Dagbladet. Under inspeksjonen kom det fram at kjøkkenet mellom anna manglar handvask, det er fleire vindauge som må tettast slik at skadedyr ikkje kjem inn og kjøkenet må få rutinar slik at dei ikkje serverer dårleg mat. Bristol hotell er leigd inn for å skaffe og lage maten på kjøkenet på Akershus. Bristol er overraska over manglane på kjøkenet, og meiner at det er staten – som eigar av kjøkenet – som må rydje opp. Vi treng likevel ikkje vere redde for at middagen går i vasken. – Det blir heilt sikkert middag her 24. august, lovar kommandant Knut-Martin Waage på Akershus festning. Av Erik Bolstad
|
26.10.2004 13:39 Vil verne vassdrag 16.09.2001 11:13 Kronprinsparet tilbake i Norge 28.08.2001 23:33 Landet i Big Apple 28.08.2001 17:22 På vei til New York 28.08.2001 13:09 Kronprinsparet i Düsseldorf 27.08.2001 16:55 Kronprinsparet snek seg i land i Aalborg 27.08.2001 08:15 Forlot kongeskipet 26.08.2001 09:31 Bryllupsnatt på kongeskipet 25.08.2001 21:39 Satset alt på kjærligheten 25.08.2001 17:21 -Endelig er dagen kommet |
Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 12.12.2008 15:27 |