22.07.2014

Større klasser på 500 skular

Ravnanger Ungdomsskole på Askøy har laga større klasser på grunn av økonomiske forhold.(Foto: NRK)Ravnanger Ungdomsskole på Askøy har laga større klasser på grunn av økonomiske forhold.(Foto: NRK)

Minst 500 norske grunnskular har auka gruppestorleiken på grunn av strammare økonomi dei siste to åra. Det betyr fleire elevar i klasserommet og mindre læring, trur fleire rektorar.

- Vi kan ikkje dele klassene i fag der elevane treng hjelp, og vi kan ikkje drive tilpassa opplæring i den grad vi er pålagt.

Klassene er blitt veldig store i forhold til det vi har vore vane med, seier rektor Ingve Torgersen ved Ravnanger Ungdomsskole på Askøy utanfor Bergen.

Han er ein av 500 rektorar som svarer at han har auka gruppestorleiken på grunn av økonomiske forhold dei siste to åra.

(Grafikk: NRK)(Grafikk: NRK)

- Prøver å hjelpe svake

- Vi kan ikkje drive tilpassa opplæring i den grad vi er pålagt, sier rektor Ingve Torgersen ved Ravnanger Ungdomsskole på Askøy utanfor Bergen.- Vi kan ikkje drive tilpassa opplæring i den grad vi er pålagt, sier rektor Ingve Torgersen ved Ravnanger Ungdomsskole på Askøy utanfor Bergen.

1700 rektorar, meir enn halvparten av rektorane på barne- og ungdomstrinnet, har svart på NRK si grunnskule-undersøking.

Ein tredel av dei som har svart seier at økonomien har gjort at dei har måtta lage større elev-grupper ved skulen dei siste to åra.

- Vi har auka talet på elevar i klassene på grunn av økonomien for å prøve å tilrettelegge for dei svake elevane.

Difor fyller vi opp klassene, seier rektor Hanne Sand ved Kjenn Skole i Lørenskog i Akershus.

Mjuka opp reglane

Reglane om klassestorleik vart mjuka opp i 2003. Målet med endringane var større fleksibilitet.

Det skal kunne vere fleire elevar i nokre timar, og smågrupper i andre.

Føresetnaden frå Stortinget var at dette ikkje skulle nyttast til innsparingar. Gruppene skal vere pedagogisk forsvarlege.

DÅRLEG: - Vedtaket om å mjuke opp klassedelingsordninga var dårleg, seier leiar i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland (Foto: Scanpix)DÅRLEG: - Vedtaket om å mjuke opp klassedelingsordninga var dårleg, seier leiar i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland (Foto: Scanpix)

Men mange rektorar svarer altså at nettopp økonomien gjer at dei må lage større grupper. Fleire legg også vekt på at skulebygningane ikkje er tilrettelagt for å ha små grupper.

Fylkesmennene granskar for tida 86 skular over heile landet for å finne ut om dei har uforsvarleg store elev-grupper.

Kritisk til nye reglar

Utdanningsforbundet meiner det er mange store grupper i den norske skulen, og at det sjeldan er pedagogiske argument som ligg til grunn for at fleire elevar må vere saman i eit klasserom.

- Det er ei uheldig utvikling. Og det vedtaket Stortinget gjorde om å mjuke opp klassedelingsordninga var eit dårleg vedtak, seier leiar i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland.

(Grafikk: NRK)(Grafikk: NRK)

Mange pr kontaktlærar

I den moderne skulen skal kvar elev vere knytt til ein kontaktlærar som har ansvar for oppfølginga av eleven og kontakten med heimen.

Regjeringa sette seg som mål i Soria Moria-erklæringa at ingen kontaktlærarar skal ha ansvar for meir enn 15 elevar.

Undersøkinga viser at det er ein lang veg å gå før det målet er nådd.

1100 av dei 1700 rektorane som har svart, seier at det er kontaktlærarar ved skulen som har ansvar for meir enn 15 elevar.

Lyd og video

Dette er en arkivert forside

Denne siden blir ikke oppdatert. Gå til www.nrk.no







    NRK Butikken