20.03.2010

Kraftigaste solstorm på 25 år

Den store aktiviteten på sola held fram. Tysdag kveld vart den kraftigaste solstormen på 25 år registrert av NASA.

BILDER: Sint sol

Eksplosjonen tysdag kveld sende ei gigantisk sky med superheit gass ut i verdsrommet. Førebelse målingar tyder på ei rekordfart på 8,3 millionar kilometer i timen.

(Foto: NASA)(Foto: NASA)

- Hadde skya vore retta direkte mot jorda, som ved utbrota frå eksplosjonane sist veke, ville truleg skadane på straumforsyning og satellittar blitt omfattande, seier stipendiat Knut Jørgen Røed Ødegaard ved Astrofysisk institutt på Universitetet i Oslo.

Aktiviteten på sola er svært stor for tida. (NASA-foto)Aktiviteten på sola er svært stor for tida. (NASA-foto)

Solfysikar og nestleiar for SOHO-prosjektet i NASA, Pål Brekke, seier at solstormen tysdag kveld var den kraftigaste i moderne tid, men at rekordutbrotet i 1859 nok var større. Då auka intensiteten til det dobbelte nokre minutt, noko som betyr at sola lyste dobbelt så kraftig ein liten augneblink.

Knut Jarle Ødegaard seier at skya frå solstormen tysdag truleg vil streike magnetfeltet til jorda, og noko som kan føre til meir nordlys enn normalt i dag.

Solstormen på sola tysdag kjem etter ei veke med historisk stor solaktivitet, noko som har øydelagd satellittar og forstyrra radiokommunikasjon og straumforsyning over heile verda.

Lyd og video

Se også

Lenker

(NRK-NTB)