- Muslimar må jobbe for makt
- Norske muslimer må jobbe for å få meir makt i det norske samfunnet, seier mulla Krekar i eit intervju med Søndagsavisa i NRK P2.
Publisert 10.08.2003 13:36. Oppdatert 10.08.2003 13:53.
- Skriv ut
I intervjuet seier mulla Krekar blant anna at det i Noreg ikkje er skilnad på såkalla islamske fundamentalistar og vanlege muslimar. Dette fordi religionsfridomen står så sterkt her i landet.
- Religionsfridomen i Noreg står så sterkt at ein kan ha eit enkelt og problemfritt liv i Noreg, sjølv om ein er fundamentalist.
Mulla Krekar like etter at han vart sett fri frå fengsel. (Foto: Heiko Junge, Scanpix)Han meiner det er sterkare press på muslimar i dei såkalla muslimske landa enn det er i Vesten. I Saudi-Arabia, Pakistan, Egypt og Algerie legg meir press på muslimar enn sjølv USA, seier han.
Religionsfridom
Etter å ha rost religionsfridomen i Vesten, seier han at han er ein fredeleg muslim som ynskjer dialog. Men det er vanskeleg med dialog med den vestlege verda, seier han, fordi dei vestlege landa har sigra over dei muslimske landa. Muslimane er undertrykte, seier han, og då er det ikkje så lett med dialog.
- Den muslimske verda betyr ingenting i dag. Vi må kjempe for å bli likestilte med Vesten, seier han, men seier ikkje noko om kva metodar han vil bruke for å oppnå det. Han samanliknar muslimane sin situasjon i dag med jødane sin situasjon før dei fekk sin eigen stat i 1948, og kommunistane før den russiske revolusjonen i 1917.
Etter Krekar si meining er det ingen muslimsk stat nokon stad i verda i dag. Ein muslimsk stat må vere folkevald, og må styrast etter islamske lover, seier han. Slik er det ikkje nokon stad i dag.
Leiartyper
Han saknar sterke leiartyper i den muslimske verda i dag, og det er for mykje splittelse mellom muslimar. I denne samanhengen ser han på seg sjølv som ein viktig person.
- Eg er ein perekt muslim, fordi eg kombinerer trua med bøn, og set sharia-lovene høgt, seier mulla Krekar. Han seier han har brei støtte både i Noreg og i Europa elles.
- Eg deler muslimane inn i fire grupper. Misjonærane, dei politiske muslimane, dei som vil endre dagens system utan å bruke våpen og til slutt "jihadis". Denne gruppa opplever undertrykking anten i Europa land eller i det landet dei kjem frå, og vil endre dette med våpen i hand, seier han.
På spørsmål om kva Krekar definerer seg sjølv som, svarar han "jihadi", utan å utdjupe dette noko nærmare.
Krekar oppmodar muslimar i Noreg til å røyste på politikarar som talar deira sak. Han viser til Sveriges tidlegare statsminister Olof Palme, som han meiner var ein viktig person for muslimane der.
Brukt av USA
Krekar gjentek i intervjuet at han blei brukt av USA for å skape ein link mellom Saddam Hussein og Al Qaida, gjennom Ansar al-Islam, der han tidlegare var leiar.
Samstundes som mullaen rosar religionsfridomen i dei vestlege landa, har han ikkje mykje til overs for den vestlege levemåten. Han meiner det er altfor mykje materialisme og individualisme. Islam derimot står for eit varmt fellesskap, seier han.
Lyd og video
Mulla Krekar
- Frp krever Krekar fengslet
- Krekar blir anmeldt på nytt
- Mulla Krekar tiltalt for trusler
- Mulla Krekar driver nettuniversitet
- Krekar blir henrettet ved retur
- Krekar-siktet nekter kjennskap
- Drapsforsøkssiktet blir utlevert
- Tiltales trolig for drapstrusler
- – Krekar får neppe dødsstraff
- Solberg vil tvangsutsende Krekar
- - Kan ta flere år før Krekar reiser
10 SISTE INNENRIKS
- - Forferdelege forhold i Kinshasa
- Mener bistandsadvokat lekker
- Antyder Kina-boikott av Norge
- Breivik tvangsinnlegges på Ila
- Beslaga hasj verdt syv millioner
- Flere med silikon begår selvmord
- Ringsaker-lærer må gå på dagen
- Sliter med ekstremt kattehold
- Hein Bæra lot familien se Breivik
- Breivik planla flukt med småfly


