Hopp til innhold

Urdu og arabisk i skulen

Regjeringa opnar for at urdu, tyrkisk og arabisk skal bli ein del av framandspråkopplæringa i ungdomsskulen.

Øystein Djupedal under pressekonferansen om NTNU-saken
Foto: Tore Meek / NRK

Dette går fram av regjeringa sin plan for styrking av framandspråk, som blir framlagd i dag.

Kunnskapsminister Øystein Djupedal (SV)meiner at både etnisk norske elevar og elevar med andre morsmål kan ha nytte av å lære desse språka.

- Det å styrke morsmålskompetansen er å styrke framandspråkkompetansen for Noreg som nasjon, seier kunnskapsministeren.

Dei fleste ungdomsskulane tilbyr i dag tysk, fransk og spansk som framandspråk i tillegg til engelsk. Men no vil regjeringa leggje til rette for at elevar som har annan språkleg bakgrunn også kan få ekstra opplæring i til dømes tyrkisk, urdu eller arabisk.

Dette kan også vere spennande supplement for dei med norsk språkbakgrunn, meiner Djupedal.

- Det er fint for Noreg og fint for den enkelte at det blir tilrettelagt for undervisning på dei språka som finnest her, seier Øystein Djupedal.

AKTUELT NÅ