Hopp til innhold

Melder ikkje valdtekter

Mange lar vere å politimelde valdtekter. Det gjeld både funksjonshemma, folk med minoritetsbakgrunn, unge og menn.

 

Rita Sletner
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

- Det vi veit så langt er at funksjonshemma, menn, ungdom og folk med minoritetsbakgrunn er nesten fråverande i høve til å melde valdtekt, seier Rita Sletner.

Ho er leiar for Valdtektsutvalet som skal levere si innstilling til Justisdepartementet neste haust.

- Vi veit at valdtekt ikkje berre råkar kvinner. Også funksjonshemma, innvandrarar, unge og menn blir valdtekne. Men dei melder altså ikkje frå når det skjer.

Til dømes er funksjonshemma meir utsette for å bli råka av overgrep enn andre, men det er sjeldan overgrepa ender hos politiet.

- Eit stort problem

- Dette er eit bilete som absolutt er noko vi i FFO også har eit inntrykk av, fortel Jarl Ovesen i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon.

 Han seier at funksjonshemma truleg er meir utsett for overgrep og trakassering enn andre, men at svært få går til politiet med det.

- Tidlegare forsking synleggjer at dette er eit stort problem, at så mange funksjonshemma som opplever overgrep og trakassering, ikkje går vidare med sakene og melder dei. Det er viktig å grave meir i dette for å få ei reell kartlegging og dokumentasjon av det reelle omfanget, seier Ovesen.

 Treng meir informasjon

Tove Smaadahl i Krisesentersekretariatet seier at fleire søker hjelp på valdtektsmottaka enn før, og at det kan vere eit teikn på at tabua kring valdtekter er i ferd med å forsvinne. Men for enkelte grupper er tabua framleis mange.

- Vi veit svært lite. Så her trengs det både kunnskap og informasjon, både til dei utsette og til hjelpeapparatet, seier Tove Smaadahl.

Tove Smaadahl
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

- Vi har lite tal og undersøkingar. Det manglar informasjon, og det er mykje skuld og skam her, diverre. Det kan vere årsaka til at mange lar vere å politimelde. Det kan også hende at dei har lite tiltru til politiet og rettsapparatet, fortel Smaadahl.

Psykisk sjuke ikkje truverdige

Det er nemleg svært få valdtekter som ender med dom, noko som førte til at Noreg fekk kritikk frå FN i 2003. Ifølgje Smaadahl er offeret og overgriparen sin sosiale status viktig for om valdtekter ender med dom. Ifølgje ein svensk rapport grupper som prostituerte, narkomane og psykisk sjuke i prinsippet rettslause etter valdtekter, fordi retten sjeldan ser dei som truverdige.

Jarl Ovesen, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon
Foto: Erichsen, Jarl Fr., Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

- Eg trur pasientar med psykiske lidingar og utviklingshemma har eit problem med å formidle når overgrep har skjedd, og med å bli trudd når overgrep faktisk har skjedd, seier Jarl Ovesen i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon.

- Veldig mange har problem med å setje ord på det som har skjedd, og i tenesteapparatet kan dei bli mistenkt for ikkje å snakke sant når dei prøver å formidle overgrep som psykisk sjuk, legg han til. 

 Forventar ikkje å bli trudd

"Et sinnsykt stort kjempeskille i livet" heiter ein rapport frå Legevakta i Oslo. Der kjem det fram at mange valdtektsoffer forventar å ikkje bli trudd av hjelpeapparatet.

- Blinde fryktar å ikkje bli trudd fordi dei ikkje kan skildre overgriparen

- Innvandrarar fryktar å ikkje bli trudd på grunn av skilnader i kultur og språk, og har lite kunnskap om hjelpetilbodet

- Menn ser på valdtekt som grenselaust audmjukande og forventar ikkje å bli tekne seriøst imot, og dei trur valdtektsmottaka berre er for kvinner

Krisesentersekretariatet håper at hjelpeapparatet blir endå betre i framtida.

Vil styrke politiet

- På lik linje med at vi har fått familievaldskoordinatorar på kvart politidistrikt, treng vi også einingar i kvart distrikt som er spesialutdanna og har kompetanse på valdtekt og det å ta vare på dei utsette, seier Tove Smaadahl i Krisesentersekretariatet.

- Og så må vi få eit betre organisert hjelpetilbod, og få opp kunnskapen om konsekvensane av overgrep. Eg meiner at menneske som har vore utsett for overgrep skal ha raud løpar inn til psykologhjelp, og at hjelpa skal vere gratis, seier Smaadahl.

Det er gjort lite forsking på kvifor mange grupper ikkje melder valdtekter til politiet. No vil regjeringa sitt valdtektsutval prøve å finne svar på kvifor enkelte grupper hamnar i mørkret.

- No skal vi gjere ein jobb på dette. Men det bekymrar meg at vi har grupper som er fråverande på statistikken. Det fortel meg at her må vi ha meir kunnskap, seier utvalsleiar Rita Sletner.

 

 

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger