Hopp til innhold

Hanssen uroa over imam-utspel

Inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen er uroa over det han kallar ekstreme haldningar hos norske imamar.

Zulqarnain Sakandar Madni
Foto: Brenpunkto / NRK

Hanssen reagerer etter at fleire sentrale imamar i Noreg har avvist at det var muslimar som stod bak terroren i USA 11. september 2001, og at Al Qaida og Osama bin Laden er funne opp av USA for å legitimere krigføringa i Irak og i Afghanistan.

- Dette er ekstreme synspunkt. Og det er spesielt alvorleg at det er sentrale imamar, som er rådgjevarar for andre muslimar, som seier dette, seier han.

 

 

Mohammed Osman Rana er informasjonsleiar i Islamsk Råd i Noreg.
Foto: NRK

Får støtte

Det var imamen Zulqarnain Sakander Madni som kom dei oppsiktsvekkjande fråsegnene i eit nettmøte med Aftenposten tidlegare denne veka. Seinare har han fått støtte i synspunkta sine frå andre imamar i Noreg.

Bjarne Håkon Hanssen er redd for dei reaksjonane slike utspel skapar i det norske samfunnet, og fryktar at dette kan auke distansen mellom innvandrarar og andre nordmenn.

Informasjonsleiar i Islamsk Råd Norge, Mohammed Osman Rana, er også sjokkert, men han er sjokkert over det ramaskriket fråsegnene til dei norske imamane har skapt. Han minner om at det er ytringsfridom i Noreg.

- Skuffande

Han går hardt ut mot  Bjarne Håkon Hanssen sin kritikk av imamane, og ber han hugse på at ein tredel av innbyggjarane i USA tvilar på den offisielle forklaringa på kva som skjedde i i tida før 11. september 2001.

 

- Det er skuffande at Hanssen brukar media til å kome med slike utspel, seier Rana, og legg til at statsråden ikkje har teke direkte kontakt med dei.

Mohammed Osman Rana seier også at Islamsk Råd ber imamar om ikkje å uttale seg om slike kontroversielle spørsmål, og at dei skal konsentrere seg om tema som handlar om religion.

 

AKTUELT NÅ