Held militærøving nær Jemen
Saudiarabiske og pakistanske soldatar har starta ei felles militærøving i Saudi-Arabia, like ved grensa til Jemen. Kjelder i det saudiarabiske forsvaret seier at øvinga har vore planlagd lenge, og at den ikkje har noko med andre militæroperasjonar å gjere.