Gullbrå isolert av snøskred - igjen
Eit nytt skred sperrar vegen i Eksingedalen i Hordaland og innbyggjarane på Gullbrå er på nytt isolert frå omverda. Sist tok det ti dagar før vegen opna igjen. Geologen får ikkje sleppa til for å vurdera faren for nye skred før måndag.