Hopp til innhold

Bør ein nekta borna å sjå rettssaka på TV?

Mange foreldre er usikre på korleis dei skal snakka med borna sine om rettssaka og terroristen Anders Behring Breivik. Krisepsykolog Atle Dyregrov gav råd og rettleiing i dagens nettmøte.

Krisepsykolog Atle Dyregrov svarar NRK.no-lesarane

- Så massivt som 22.juli-saka dominerer mediebiletet, er det ingen born i skulealder som vil vera heilt skjerma for dette, seier krisepsykolog Atle Dyregrov.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Skal ein i størst mogleg grad skjerma borna for mediedekninga av 22.juli-rettssaka og Breivik, eller bør ein snakka godt ut med ungane sine om dette? Korleis skal ein eventuelt ordleggja seg? Og korleis fangar ein opp signal frå born som er prega av terrorsaka?

Atle Dyregrov er leiar for Senter for Krisepsykologi i Bergen, og spesialist på sorg og sorgreaksjonar hjå born og unge. I dag møtte han NRK.no sine lesarar til nettmøte.

– Vêr obs på klengete born med søvnvanskar

Bør ein snakka med borna om rettssaka? Kvar bør i så tilfelle grensa gå for kva ein seier? spurde lesaren Line.

– Ja, det bør me gjera, men vurder etter kor interessert barnet er i saka. Så massivt som dette dominerer mediebiletet er det ingen born i skulealder som vil vera heilt skjerma for dette, opplyser Dyregrov.

Han påpeikar også at ein bør vera obs på søvnmønsteret til borna for å vurdera om dei er prega av 22.juli hendingar relatert til dette.

–Søvn er eit godt barometer på korleis barn har det. Om barnet ditt søv dårleg (somnar seint, vaknar opp om natta, får mareritt osv.), kan det vera eit slikt teikn. Elles kan du sjå etter om bornet endrar seg ved å bli meir klengete og oppsøkja garantiar for at dei er trygge. Born har svært ulike reakssjonar, utdjupar Dyregrov.

Råd til pårørande og etterlatne

Fleire overlevande, pårørande og etterlatne opplevde i går, då rettssaken starta, at alt det vonde og tunge dei opplevde i tida like etter 22.juli kom veltande tilbake.

I tillegg til å rettleia foreldre, kan Dyregrov gje råd til dei råka om korleis dei best kan bearbeida det tilbakevendande tungsinnet, frustrasjonen og vreiden.

«Øystein» spurde Dyregrov om han trudde avgjerda i tilreknelegheitsspørsmålet vil påverka sorgprosessen til pårørande.

– Eg trur det er lettare for dei fleste om han får straff og ikkje blir erklært utilrekneleg. Sjølv om han ikkje slepp ut i samfunnet att uansett, er det meir uro knytta til utilreknelegheit. Samstundes trur eg folk opplever det som meir rettferdig at han får straff, forklara Dyregrov.

Lesaren Kine var ein av dei som bad om råd til folk flest, og lura på om ein bør vera førebudd på å få reaksjonar dersom ein følgjer saka tett.

– Dei fleste som fordjupar seg i denne saka ved å følgja med time etter time vil bli påverka og kan kjenna uro over det dei høyrer. Det er naturleg og avspeglar at me har empati for dei som er råka. Mitt råd til vanlege folk er at dei avgrensar kor mykje dei eksponerer seg for det sterke materialet, skaffar seg daglege oppdateringar men elles lever liva sine så nortmalt som mogleg, er svaret frå krisepsykologen.


Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.