Kos i solveggen - Påska er tid for solkos i hytteveggen. Hugs ei god bok! - Foto: Halvor Bakken / Nørdstedalsseter

Påska er tid for solkos i hytteveggen. Hugs ei god bok!

Foto: Halvor Bakken / Nørdstedalsseter

Bøkene som lokkar deg til fjells

Her er boktipsa som inspirerer deg til finne fram ski eller fjellsko.

Gå. eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv - Er du ein vandrar vil du heilt sikkert kjenne deg att i forfattarens tankespinn om kva det vil seie å gå.

Er du ein vandrar vil du heilt sikkert kjenne deg att i forfattarens tankespinn om kva det vil seie å gå.

Joutunheimen bok - Hovudpersonen er lei av gå åleine i fjellet. Kontakannonsa i Fjelltreffen kan blir redninga.

Hovudpersonen er lei av gå åleine i fjellet. Kontakannonsa i Fjelltreffen kan blir redninga.

Pan - Ein hyllest til den nordnorske våren.

Ein hyllest til den nordnorske våren.

Slottet i Pyreneene - Hovudpersonane blir ikkje einige om kva som eigentleg skjedde oppe i fjellheimen.

Hovudpersonane blir ikkje einige om kva som eigentleg skjedde oppe i fjellheimen.

Panserhjerte - Krim er obligatorisk påskestoff og i Panserhjerte får du eit nytt møte med Harry Hole.

Krim er obligatorisk påskestoff og i Panserhjerte får du eit nytt møte med Harry Hole.

Tinder og Banditter - Ekte røvarhistorie frå 1943, men framleis like morosam!

Ekte røvarhistorie frå 1943, men framleis like morosam!

Påsken er tida for sette seg i solveggen, – eller krype under teppe – med ei god bok. Ekstra gøy er det å kjenne seg att i flotte naturskildringar.

Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv.

Men de beste kartene kan ikke kjøpes, de tegnes opp av folk man møter på veien. Og folk man møter langs veien er både imøtekommende og nøyaktige. Det gjelder i alle land. De beste kartene formidles muntlig og med håndbevegelser, noen ganger med penn og et stykke papir. Av Thomas Espedal.

Denne boka handlar mest av alt om å gå. Målet er dei gode tankane og det å gå i seg sjølv. Å kome fram kjem i andre rekke. Thomas Espedal siterer kva andre forfatterar har skrive om same tema og går på denne måten både gjennom kulturen og naturen.

Vi blir med på fleire lange turar; Han går frå kjærasten sin og han går frå Bergen til Sunnfjord. Samstundes er vi med i tankane hans. For kva tenkjer ein på under ei vandring? Kven møter han? Ei svært velskreven bok.

Jotunheimen: Bill. Mrk. 2469

Alle snakker om å være ett med fjellet. Det har jeg vært lenge nok. Nå vil jeg være to. Av Erlend Loe og fotograf Bård Løken.

Denne bileteboka er utforma som eit svar på ei kontaktannonse i «Fjelltreffen» til Fjell og Vidde. Her skildrar den kjærleiksjuke mannen einsemda, fjellet, seg sjølv og kva han leitar etter i den perfekte partner.

Boka er illustrert med fantastiske naturfoto som han tek på tur. Sidan du garantert får lyst til å gå i Jotunheimen etter å ha lest boka, avsluttar ho med informasjonskapittelet «til deg som vil reise i Joutunheimen.». Ei morosam og lettlest bok, kanskje noko av det beste frå Loe?

Pan

Av Knut Hamsun. Den unge løytnant Thomas Glahn fortel om sine opplevingar ved handelsstaden Sirilund i Nordland. Året er 1855, og Glahn forsøkjer å gjere jakt og fiske til levebrød.

Han bur i ei enkel hytte og lever eit isolert liv i pakt med naturen. Etter kvart blir han kjend med kjøpmannens dotter Edvarda, som vekker sterke kjensler i han. Pan er ein klassikar som hyllar naturen og kjærleiken.

Slottet i Pyreneene

Av Jostein Gaarder. Eit par møter kvarandre på eit gammalt trehotell i Sogn 30 år etter det vart slutt mellom dei. Tilfeldig samantreff? Ja, det er dei usamde i. Det var òg det ulike synet på paranormale og religiøse spørsmål som fekk dei til å skilje lag i utgangspunktet.

Dei tek opp kontakten på e-post og kjem stadig tilbake til kva som eigentleg skjedde i fjellheimen for så mange år sidan. Ein underfull idèroman som får deg til å tenkje.

Panserhjerte

Av Jo Nesbøe. Kva er vel påsken utan ein nervepirrande krim? I Oslo blir kvinner drept på grufulle måtar og Harry Hole blir henta heim frå Hong Kong for å ta saka.

Tittelen «Panserhjarte» spelar på den tilstanden ein kjem i dersom ein blir tatt av eit snøskred og snøen trykkjer så hardt mot lungene at du ikkje greier å puste. Då har du akkurat fire minutt igjen å leve. «Panserhjerte» blir rekna som å vere eit meisterverk innan krimsjangeren.

Tinder og banditter

Av Alf B. Bryn. Dette er ein ekte røvarhistorie, der moralen er at alt går bra til slutt når ein er på tur!

Handlinga går føre seg på tidleg 1900-talet på vei til og blant ville tindar i Korsikas fjellverd. Alf og hans australske og rimeleg konfliktsøkande kameraten George reiser av stad. Dei er væpna med falske penger, ungdommeleg overmot og ein svært nyttig isøks og saman møter dei mange utfordringar.

Kva slags bøker har inspirert deg til turar i nye fjellområder? Del gjerne dine beste boktips med UT.no