Hopp til innhold

Hund flådde rein

Er fortsatt på frifot og kan drepe igjen.

Reinsdyr
Foto: Statens Naturoppsyn

– Det er ikkje tvil om at reinane har lidd forferdeleg. Det såg ut som at dei var tatt av ulv, seier Karen Marie Eira Buljo i reindistrikt 26 Lakkaonjarga, til Altaposten.

Begynte å ete av reinen

Men det var to hundar, og ikkje ein ulv som kom seg laus og gjekk berserk i reinflokken. To dyr mista livet. Og no kan hundane vente seg same lagnad. Dei eine hunden er pågripen, mens den andre fortsatt er på frifot.

– Skinnet var riven vekk og hundane hadde begynt å ete på kadavera, fortel Nils Henriksen ved Alta lensmannskontor til Altaposten.

Kan drepe igjen

Reineigarane seier dei to simlene som vart drept, er verdt omlag 20.000 kroner til saman. Buljo fryktar hundane kan drepe igjen, og ber hundeeigarane avlive dei.

Reindrapet skjedde på fjellet vest for Kautokeino natt til onsdag. Politiet veit ikkje kven som eig hundane, men trur den hunden som er pågripen er ein gjetarhund.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark