Hopp til innhold

Ulv jagar reinflokk

To ulvar drep rein på Finnmarksvidda.

Reinsdyr
Foto: Statens Naturoppsyn

To ulvar jagar ein reinflokk på beite mellom Alta og Karasjok.

Både spor i terrenget og kadaveret av ein reinkalv, tyder på at det er ulv på ferde.

- Vi har obdusert ein reinkalv no, og vi ser at det er ein ulv som har tatt han, fortel Oddleif Nordsletta i Statens Naturoppsyn.

Følgjer etter flokken

- Først har han tatt kalven i nakken og halsen, der kadaveret har store bittskadar. Så har han gått bakover på oversida av låret til reinen og knust beinet. Dette er eit vanleg drapsmønster for ulven, opplyser Nordsletta.

Kadaveret av reinkalven vart funne ved flokken, som no er på vidda mellom Karasjok og Alta, på tur sørover.

- Det ser ut på spora som at det er to ulvar som går i lag. Vi har sett spor over lange avstandar. No er dei på veg sørover, i lag med reinflokken, seier Nordsletta.

40 meter frå folk

Det er reineigarane som har observert ulvane, og det på om lag 40 meters avstand frå flokken. Desse ulvane er truleg streifdyr, og det er ikkje vanleg at ulven held til i dette området.

- Vi har observert ulv tidlegare, men då nærmare grensa til Finland, seier Oddleif Nordsletta i Statens Naturoppsyn.

No er det opp til reineigarane å be om fellingsløyve på ulvane, dersom dei trugar reinen.