Hopp til innhold

Hoff vil senke gamle lagkameratar

Start trur på tre poeng når Stabæk kjem på besøk til Sør Arena søndag kveld.

Espen Hoff

KAMPKLAR: Espen Hoff gler seg til å møte gamleklubben Stabæk på Sør Arena søndag. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Espen Hoff

JUBEL: Espen Hoff jublar for scoring i Stabæk-trøya. (Arkivfoto)

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Eg trur det vert ein tøff kamp, men vi har alle moglegheiter til vinne den, seier tidlegare Stabæk-angripar, Espen Hoff til ikstart.no.

Stabæk kjem frå eit surt cup-tap mot Hønefoss i førre veke. Start gjekk vidare i cupen med 2-1 siger mot 2. divisjonslaget Notodden.

– Svingar i prestasjonane

I førre serierunde spelte Start uavgjort 1-1 mot Rosenborg på heimebane. Stabæk kjem frå 3-2 siger mot Odd Grenland på bortebane.

– I serien har laget gjort det ok, men har svinga veldig i prestasjonane frå det flotte til det dårlege. Stabæk er eit offensivt lag med eit godt angrep, og ei veldig bra midtbane. Defensivt har laget derimot slite mykje dei siste sesongane, seier Hoff.

Stabæk-spelar Vegar Eggen Hedenstad fortel om eit revansjesugent Stabæk-lag.

– Vi skal revansjere oss etter den pinlege kampen på onsdag. Vi skal gå ut å krige, som vi gjorde mot Odd Grenland. Då kan det bli gøy, seier han til stabak.no.

Jørgen Lennartsson

REVANSJ: Stabæk-trenar Jørgen Lennartsson vil reise eg etter tapet mot Hønefoss i cupen.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

– Vi var dårlege

Også trenar Jørgen Lennartsson trur revansjelysta er stor etter cuptapet mot Hønefoss.

– Vi gjorde ein dårleg prestasjon og det skal vi forhåpentlegvis reparere, og gjere ein god prestasjon med fullt trøkk frå start, seier Lennartsson.

Start og Stabæk har møtt kvarandre 16 gonger i eliteserien. Det har enda med seks Stabæk-sigrar, fire Start-sigrar og seks uavgjortkampar.

RBK-Start.

SCORING: Jesper Mathisen scora mot Stabæk i fjor.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

I tilsvarande oppgjer i fjor vann Start 3-2, etter skrivar av Avni Pepa, Jesper Mathisen og Espen Knudsen. Johan Andersson og Marius Helle scora for bærumsklubben.

Fire utan siger

Start står med fire strake kampar utan siger i eliteserien. Sist laget gjekk av bana med tre poeng var i oppgjeret mot Viking 16. april. Då vann Start 4-0 på Sør Arena.

Lite tilseier at dagens oppgjer skal ende med uavgjort. Stabæk har nemleg spelt heile 21 kampar på rad utan uavgjort. Sist laget spelte uavgjort vart mot Brann 18. juli 2010. Den kampen enda 1-1.

Start stiller med følgjande mannskap: Kenneth Høie - Brian Priske, Avni Pepa, Jesper Mathisen, Rolf Daniel Vikstøl - Fredrik Strømstad, Solomon Owello, Petter Bruer Hanssen, Espen Børufsen - Espen Hoff - Ole Martin Årst

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %