– Jesper har ein strekk i hamstringmuskelen, og er ute i fire til seks veker, seier fysioterapeut i Start, Jørgen Rostrup til fvn.no.
Halta av bana
Midtstopparen halta av bana etter ein drøy halvtime i 0-2 tapet borte mot Tromsø på søndag. Mathisen har vore ein av Start sine beste spelarar så langt denne sesongen.
- LES OGSÅ: Start tapte mot Tromsø
Mathisen går truleg glipp av kampane mot Viking, Sarpsborg, Aalesund og Brann. I tillegg er kampane mot Rosenborg og Lillestrøm i fare.
– Eg skal komme så raskt som mogleg tilbake. Dette er ein del av gamet, og det er berre snakk om fotball, sjølv om det samstundes er forbanna kjipt, seier Mathisen til avisa.
Ny stoppar inn
– Spesielt kampen mot Viking laurdag hadde eg gleda meg veldig til. Men vi skal knuse Viking uansett, seier han.
Skadefråvêret til Mathisen betyr at Knut Tørum må inn med ein ny makker til Avni Pepa i midtforsvaret til laurdagens kamp mot Viking.
- LES OGSÅ: Høgmo åpner for Årst-retur
Birger Madsen er ute med sjukdom og er uaktuell. Dermed står Start-trenaren att med veteranen Bård Borgersen eller ungguten Espen Knudsen.