Hopp til innhold

Tapar pengar på europacup

Trass i avansement til kvartfinalen i europacupen går ØIF Arendal i minus økonomisk. Klubben tapte 50 000 kroner på dei åttendelsfinalen.

Terje Østerhus, ØIF Arendal

TAPAR: Terje Østerhus og ØIF Arendal tapte pengar på å spele åttendelsfinale i europacupen. (Arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Ja, dessverre vart det det. Vi gjekk cirka 50 000 kroner i minus i billett- og kioskinntekter på dei to heimekampane, seier dagleg leiar Kurt Eckholdt til Agderposten.

Kun 813 menneske løyste billett til dei to kampane mot slovenske RD Slovan denne helga.

Skuffa over oppmøtet

– Skuffande. Intet mindre, seier Eckholdt.

Han hadde håpa på minst 1200 tilskodarar til kampane mot slovenarane i Nedeneshallen.

– Det er klart at kombinasjonen vinterferie-start, ski-VM og eit forferdeleg vêr ikkje akkurat lokkar folk ut av stovene, seier han.

No håpar klubben på ein attraktiv motstandar i kvartfinalen i håp om at det vil fylle hallen med supportarar.

Kvartfinaletrekning

– Heilt klart. Men er det to motstandarar vi ikkje ynskjer, så er det RK Cimos Koper frå Slovenia og Stiinta Municipal Dedeman Bacau frå Romania. Elles er dei øvrige laga velkomne til Arendal, seier han.

Trekninga av kvartfinalen skjer tysdag føremiddag i Wien.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %