Hopp til innhold

Endeleg vann Vipers igjen

Vipers Kristiansand reiste seg med siger mot tabelljumo Selbu, etter tre strake tap i eliteserien.

Ingunn Birkeland, Vipers Kristiansand

SIGER: Ingunn Birkeland vart toppscorar med ni mål då Vipers slo Selbu på bortebane.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi leiar ganske raskt med 8-9 mål og kontrollerer kampen inn sjølv om eg tykkjer vi kunne ha holdt oss på 8-9 og ikkje nede på fem, seier trenar Peder Langfeldt til NRK.no.

Birkeland og Taraldsen i form

Vipers Kristiansand vann til slutt 28-23 i Nidarøhallen. Stillinga var 16-9 til sørlendingane pause. Lindy Taraldsen og Ingunn Birkeland scora tilsaman 17 mål for Vipers. Birkeland vart toppscorar med ni mål.

– Dei betyr mykje for oss. Dei har vore stabile og gjer ein god kamp begge to. Det smakte godt med ein siger, seier Langfeldt.

Sørlendingane hadde tapt tre kampar på rad før møtet med Selbu. Vipers sikra seg dermed to særs viktige kamp med tanke på å halde seg vekke frå botnstriden. Laget ligg no på 6. plass, men er berre to poeng over kvalifisering.

– Kan vinne alle

– Vi veit at vi kan vinne alle kampane framover. Vi må sørge for å vere best mogleg budde til kvar kamp. Så får vi sjå når vi har spelt nokre kampar korleis vi ligg an, seier Langfeldt.

I neste serierunde møter Vipers Kristiansand Fredrikstad på bortebane.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %