Hopp til innhold

Slo Sandnes Ulf i treningskamp

Espen Hoff og Birger Madsen sørga for siger mot 1. divisjonslaget i treningskamp i Sørlandshallen laurdag.

Knut Tørum

SIGER: Knut Tørum var passeleg nøgd med prestasjonane til laget i sigeren mot Sandnes Ulf laurdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Tre minutt før pause sende Espen Hoff sørlendingane i leiinga. Kvarteret etter sidebytte var det Birger Madsen som stanga inn 2-0, som også vart sluttresultatet.

– Eg fekk stå heilt aleine og det er eigentleg berre å styre den inn. Ei god gammaldags hockeyscoring, seier Madsen til ikstart.no.

Priske debuterte

Brian Priske, Start

Brian Priske

Foto: Håvard Raustøl/NRK

– Det var veldig morro. Vi heldt nullen igjen, og det er sjølvsagt morro å skåre mål. Godt å kunne bidra positivt i begge endar av bana, seier han.

Danske Brian Priske fekk debuten sin i gult og svart. Høgrebacken var nøgd med dei 45 minutta han fekk.

– Det var fint å komme i gang. Det er godt over to månader sidan eg spelte kamp, så det var godt å få denne omgangen i beina, seier han.

– Det er ein ok kamp frå vår side. Men vi lukkast vel ikkje med alt det vi ynskjer. Nokon gode aspekt i spelet, men også noko å jobbe vidare med, seier han.

Nøgd med å halde nullen

Også Start-trenar Knut Tørum var passeleg nøgd etter 2-0 sigeren mot Sandnes Ulf.

– Det er lett å vere nøgd fordi vi har vunne og holdt nullen, men det var vel «ingen ut av dæ sjæl opplevelse». Vi tek små skritt i riktig retning i forhold til det vi trenar på, men framleis mykje å gå på, seier han til ikstart.no.

– At vi held nullen tykkjer eg er kjempepositivt, sjølv om det ikkje er heilt i stil og profil alltid. Godt defensivt i dag, og alt i alt så er det ein del av spelarane som kjem ut av kampen med plussar i margen, seier Tørum.

Om ei veke reiser Start til La Manga. Der skal lage blant anna spele tre treningskampar.

Start sine treningskampar 2011:

Start - Gais 2-2
Start - Halmstad 2-0
Start - Hacken 2-1
Start - Sandnes Ulf 2-0

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %