Hopp til innhold

Cupfinaleråd: – Gi blaffen i Larvik

Follo-spelar Eirik Markegård var med på å slå Rosenborg ut av cupen. Han rår Vipers Kristiansand til å tenkje minst mogleg på Larvik før cupfinalen torsdag.

Vipers Kristiansand

FINALE: Vipers Kristiansand møter Larvik i cupfinalen torsdag. Rådet frå Follo-spelar Eirik Markegård er enkelt: Gi blaffen i Larvik! (Arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

Follo Glen Arne Hansen

EVENTYR: Follo spelte seg heilt til cupfinalen i haust. I finalen vart det tap, men laget sikra seg ein hederleg sølvmedalje. Her mottek keeper Glenn Arne Hansen pokal frå Kong Harald på Ullevaal. (Arkivfoto)

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

– Vi prøvde å gjere det mest mogleg normalt som vi gjer til alle kampar. Vi prøvde å tenkje minst mogleg på motstandaren, seier Eirik Markegård til NRK.no.

– Det kribla sjølvsagt litt ekstra når vi visste at det var Rosenborg som stod på andre halvdel. Men vi prøvde å gjere det meste normalt og det funka, seier han.

Hadde ikkje trua

I semifinalen mot Rosenborg vann Follo sensasjonelt 3-2 etter ekstraomgangar heime på Ski stadion. Han vedgår at dei ikkje hadde særleg tru på at dei skulle klare å tukte trøndarane og sikre cupfinale på Ullevaal.

– Dei fleste hadde vel ikkje trua, men vi hadde eit lite håp. Vi merka ganske kjapt når kampen var i gang at her kunne vi faktisk ha ei moglegheit. Då kom det litt ekstra energi og vi gav nok litt ekstra i den kampen der, seier Markegård.

Ekstra må nok Vipers Kristiansand gi dersom dei skal klare å slå suverene Larvik i Oslo Spektrum torsdag. Heile ni av spelarane til Larvik var med på å sikre EM-gull tidlegare denne månaden.

Eirik Markegård (t.v.) og Mads Clausen

CUPSUKSESS: Eirik Markegård saman med Mads Clausen etter bragden mot Rosenborg i cupen tidlegare i år. (Arkivfoto)

– Må kline til

– Eg ville nok ha snakka minst mogleg om motstandaren og heller fokusert på det å ha det gøy og nyte opplevinga og berre gå ut å kline til å gjere det ein er vande med. Så får ein sjå kor langt det held, seier Follo-spelaren.

Psykolog Bjørn Wormnes har ved fleire høve jobba med idrettsutøvarar og lag som skal prestere. Han trekkjer fram landslagssjef for fotballherrane, Drillo, som eit stjernedøme på korleis ein skal jobbe inn mot kampar der motstandaren er stortfavoritt.

– Han brukar statistikk og seier at dersom vi spelar hunder kampar vil dei vinne 95, men vi vil vinne fem. Dette kan vere ein av dei fem. No må vi ut å ha det gøy, seier han.

Heidi Løke

GULLJENTER: Heidi Løke og åtte andre Larvik-spelarar tok gull i EM tidlegare i desember. (Arkivfoto)

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Psykisk slitne Larvik-spelarar

Han trur at EM-suksessen til Norge kan vere negativt for Larvik. Som nemnt var heile ni Larvik-spelarar med på å ta EM-gull tidlegare denne månaden.

– Det kan bety at dei er utlada og at dei har gitt så mykje at dei naturleg no er psykisk slitne, seier han.

Eirik Markegård var med på ein av tidenes cupbomber i norsk fotball. Han har tru på ei cupbombe også på handballbana når Vipers møter Larvik i morgon.

– Det var nesten eit under at vi slo Rosenborg iallefall. Det meste er mogleg, seier han.

Kampen startar klokka 16.45 i Oslo Spektrum. Vi følgjer kampen både på radio og nett.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %