Hopp til innhold

MC-president varetektsfengsla

Europapresidenten i MC-klubben Mongols er varetektsfengsla i to veker.

Politihuset i Kristiansand

FENGSLA: Europapresidenten i MC-klubben Mongols er fengsla for trugslar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Mannen er sikta for å ha truga eit vitne i ei straffesak som politiet etterforskar, skriv Fædrelandsvennen.

Presidenten vart arrestert i Kristiansand fredag føremiddag og framstilt for varetektsfengsling berre få timar seinare.

Under fengslingsmøtet var det store politistyrker utanfor tingretten i Kristiansand.

– Årsaka til det handlar om det miljøet MC-presidenten tilhøyrer. Rettsmøtet var lukka og vi i politiet har ingen ynskjer om å ha desse personane utanfor, sa etterforskingsleiar i politiet, Kjell Erik Eriksen til NRK.no tidlegare fredag.

Ifølgje avisa nekta europapresidenten for å ha sett fram trugslar.

Politiet har vore særs sparsommlege med gi ut opplysningar i saka.

– Vi ynskjer førebels ikkje å kommentere noko rundt denne saka, sa politiadvokat Anne Grethe Isaksen til NRK.no tidlegare fredag.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %