Hopp til innhold

Start er serievinnar

Sørlendingane svarte på tiltale etter 0–5 tap mot Bodø/Glimt førre helg. Søndag slo dei gamletrenar Tom Nordlie og Kongsvinger 3–0. Dermed er klubben vinnar av årets 1. divisjon.

Det tok berre åtte minutt for heimelaget å ta leiinga mot hedmarkingane. Toppscorar Matthias Vilhjalmsson fekk ballen heilt umarkert på sjuåtte meter og plasserte ballen fint bak KIL-keeper Kim Deinhoff.

Ti minutt seinare var bortelaget millimeter frå utlikning. Petter Tiller Andreassen fekk ei tå på eit innlegg, ballen skifta retning og sette Start-keeperen ut av spel, men ballen gjekk hårfint utanfor.

24 minutt ut i første omgang dobla Wilhjalmsson for Start. Islendingen kjempa ballen i mål etter at Jesper Mathisen fekk ballen inn i feltet. Dette var Start-spelaren si 18. scoring for sesongen og han er dermed toppscorar i 1. divisjon.

Minuttet etter var heimelaget på farten igjen. Ernest Asante vart spelt gjennom og plasserte ballen nydeleg til høgre for Kongsvinger-keeperen. Dette var ghanesaren si 11. scoring denne sesongen.

Berre to minutt seinare var Matthias Vilhjalmsson centimeter ifrå å score hat-trick. Men ballen gjekk til høgre for mål. 3–0 til Start var også sluttresultatet.

Se jubelbildene etter at Start sikret førsteplass i 1. divisjon etter 3-0 seier mot Kongsvinger.

Slik feiret Start seriegull i 1. divisjon.

Start-spelar Jesper Mathisen var ikkje særleg imponert over storleiken på pokalen Start fekk etter å ha vunne 1. divisjon 2012.

Jesper Mathisen er fornøyd, men skuffa over pokalen.

Nøgd til pause

– Vi har ein del fine angrep. Samstundes har vi meir å gå på. Vi må inn å justere eit par ting. Vi må ha litt kortare avstand mellom det defensive og det offensive. Då blir vi endå betre, sa trenar Mons Ivar Mjelde i eit intervju ved pause.

Men i andre omgang kom i staden Kongsvinger meir inn i kampen. Kvarteret ut i omgangen hindra stolpen redusering for hedmarkingane etter eit skot frå fire meter frå Magnus Myklebust.

63 minutt ut i kampen fekk Christian Aas ein god moglegheit til å redusere for gjestene. Start-keeper Arild Østbø måtte ut i full strekk og fekk puffa ballen til side for mål.

12 minutt før full tid var Start nær ved å gå opp til 4–0. Etter klabb og babb i KIL-feltet landa ballen til slutt hos Jesper Mathisen som klarte å få ballen mot mål, men Kongsvinger-keeperen var raskt nede og fekk avverja.

I det 87. minutt vart Espen Børufsen spelt aleine gjennom. Keeper Kim Deinhoff var vaken og kom raskt ut. Børufsen fekk tuppa ballen i mål, men dommaren bles frispark til Kongsvinger og annullerte målet.

Start vann dermed oppgjeret på Sør Arena 3–0 føre nesten 3500 tilskodarar.

Med siger i siste serierunde mot Notodden vil Start tangere poengsummen til Molde då dei vann 1. divisjon i 2007 med 69 poeng. Start står med den høgste poengsummen dei siste 12 åra då dei vann serien i 2004 med heile 74 poeng.

Islendingen Matthias Vilhjalmsson scora to mål mot Kongsvinger og er toppscorar i 1. divisjon. No vil han ha toppscorartittelen også etter siste serierunde.

Vilhjalmsson vil ha toppscorartittelen.

Start-trenar Mons Ivar Mjelde er nøgd med at Start vann 1. divisjon og ser no fram mot eliteseriespel i 2013.

Mjelde: - Viktig å få ei god avslutning.

Kampfakta:

Start–Kongsvinger (3-0)
Sør Arena, 3467 tilskodarar

1–0 Matthias Vilhjalmsson (8)
2–0 Matthias Vilhjalmsson (24)
3–0 Ernest Asante (25)

Gule kort: Arnar Førsund (Kongsvinger), Espen Hoff (Start)

Start (4-4-2): Arild Østbø–Steinar Pedersen, Jesper Mathisen, Rolf Daniel Vikstøl, Amin Nouri (Fredrik Strømstad inn 66.)–Ernest Asante (Henrik Dahlum inn 81.), Solomon Owello, Espen Børufsen, Gudmundur Kristjansson–Espen Hoff, Matthias Vilhjalmsson

Kongsvinger (4-3-3): Kim Deinhoff–Samir Fazlagic, Arnar Førsund (Marius Pierau inn 54.), Kai Olav Ryen, Gøran Wigum (Hassane Dosso inn 39.)– Aleksander Andreassen, Petter Tiller Bjørndahl Larsen, Christian Aas–Magnus Myklebust, Olav Tuelo Johannessen, Patrick Elvethun Hansen

Tidlegare Start-trenar Tom Nordlie håpar gamleklubben lukkast i eliteseriecomebacket. Søndag tapte Kongsvinger 0-3 mot Start.

Her er Tom Nordlie sine råd til Start før spill i eliteserien.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %