Hopp til innhold

Vil ha eigen farge på våpenkopiar

Politiet har så mange saker som gjeld våpenkopiar at dei no vil ha annan farge på kopiane for å skilje dei frå ekte våpen.

Startpistoler beslaglagt i Kristiansand

BESLAG: Desse startpistolane er beslaglagt av politiet i Kristiansand.

Foto: Politiet

– Det er eit utfordring. Kanskje dei burde ha vore merka gjennom fargeval eller andre ting som gjer at våpna står fram som det dei er, seier etterforskingsleiar i Agder-politiet, Frode Smith til NRK.no.

– Vi opplever ei auke i talet på personar som er teke eller observert med softgun, gass, eller luftvåpen, seier han.

Tre tiltalt

Så langt i år har politiet i Kristiansand beslaglagt minst 15 softguns eller luftpistolar. Tre menn står tiltalt for å ha truga folk med våpenkopiar.

I Vågsbygd gjekk ein 64 år gammal mann ut i vegen og retta ein luftpistol mot frontruta til ein bilist.

I mars i år skaut ein rusa mann rundt seg med ein softgun i Kristiansand sentrum. Politiet visste ikkje at våpenet var ein kopi og vurderte å skyte mannen. Men vanskeleg skotvinkel førte til at han ikkje vart skoten. Han vart seinare dømd til fengsel.

– Utfordringane ligg i at våpna er heilt like ordinære våpen og politiet må handle deretter. Det er difor folk går med desse våpna, fordi det er umogleg å sjå skilnad før du har våpenet i hende. Vi må respondere ut ifrå at dette er eit reelt våpen, seier Smith.

Støttar forslaget

Åse Michaelsen fra Fremskrittspartiet

Åse Michaelsen

Foto: Eirik Damsgaard / NRK

Stortingsrepresentant Åse Michaelsen (Frp) som sit i justiskomiteen på Stortinget, likar ideen med å gi våpenkopiar ein annan farge.

– Eg vil bringe det inn som eit alternativ. Så får vi sjå kva justisminister Faremo seier til det, seier Michaelsen.

– For dei som har ærlege hensikter og driv lovleg har det ingenting å seie om våpenet er rosa eller grønt. Men det betyr veldig mykje for dei som nyttar dei i halvkriminell hensikt, seier ho.

Tidlegare i år ville politiet ha eit forbod mot våpenkopiane. Åse Michaelsen trur andre fargar på våpenkopiar er ei god løysing.

– Det er ein gylden middelveg. Alternativa er anten svart eller kvit. Anten forbyr ein det fullt og heilt, men det råkar dei som brukar dette lovleg. Fargeval vil absolutt vere eit alternativ, seier stortingsrepresentanten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %